torsdag 20. august 2009

regn og einsemd

Sit her heilt aleine og høyrer det sildrar ute. Endelig slapp regnet taket . Har vore skikkelig lummert og mørkt på himmelen heile dagen. So no blir det spennande å følge med på teppet på datarommet. Blir det vått igjen,so må nok Jørgen la nokon andre ta over tettinga av taket. Han har tetta so godt han kunne.

Idag var eg so "heldig" å blir rygga på. Bilen fekk nokre striper i lakken på sida og litt bak. Var ikkje so mykje. Og ho var veldig ok ho som gjorde det. Ho vart med meg nedatt og vi prata litt og kom fram til at det lettaste var å taksere skaden først, og deretter sjå om ho ville ta det på forsikringa eller ikkje. Ho fekk jo skade på sin bil og. Reknar med det blir nokre tusen ja. Stakkars dama var litt fra seg. Prøvde å forklare at det ikkje var noko farlig. Bilen e jo fullt køyrbar og ingen vart skada. E litt sure pengar å måtte ut med berre. Eg e berre glad det ikkje va min feil!hehe.
Vi brukte jo 10000 nettopp på vindusheis og service. Var eg som ødela vindusheisen. Og idag når eg hadde rygga bak for å køyre heim, so stoppa eg før eg begynte å køyre framover etter rygginga. Tok på meg beltet og rulla ned ruta. Mens eg rulla den ned so tenkte eg at eg kanskje ikkje burde gjere det i tillfelle noko skjedde igjen. So i det eg skulle begynne å køyre framover so hørte eg et smell og bilen hoppa litt. Kan ikkje ta igjen eksakt tankane mine då det small, men trudde eg hadde ødelagt noko anna. hehe. So såg eg i speilet og såg den andre bilen stå med rompa i bilen. Takk og lov for at det ikkje va meg!! :D

Jørgen reiste til gardermoen idag. Blir der til i morgon tidleg, før han set snuten mot valenzia. HELDIGGRISEN!! stakkarsen var so reisesjuk idag at det gjekk eindel sigarettar! hehe. Blir godt for han å komme seg litt vekk og oppleve litt anna. So no blir vi aleine til mandagsnatta.

I måra skal Sander ha sin første dag aleine i bhg. Skal berre vere der nokre timar. Men blir hardt for ho mor. Får nok ta pappas råd om å gå rett heim og grine i puta. hehe.

Men no er det til for maiskolbe! Ha en fin kveld alle! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar