tirsdag 17. februar 2009

Kaldt og gufse


Idag er det ikkje særlig t veir. Kaldt og det snør. Skal det aldri gje seg? Men ser ut til at det letnar litt. vi e nett komt att fra bading og kafetur. var kjekt å ta seg ein tur ut. Sander har ikkje fått middag idag eingong,for vi har vore so travle. Vart heller to lunsjar:) Når vi kom heim so fekk han litt bringebær. Nam nam, høyrer eg når han et. hehe. E av og til litt vanskelig å høyre foskjell på namnam og mamma, so eg må berre sjå an ka situasjon vi e i for at det skal bli rett.

Oppe i sentrum bugnar det av liv. Midt i vinterferien no, og eg kjenner at det er eit ork med alle desse folka. Posten gidd eg rett og slett ikkje hente, for då må eg inn i største mylderet for å parkere. (oj,no løfta sander seg oppetter sofaen og står og dreg ned ting i frå bordet og seie mamma...hehe) So posten har ikkje blitt henta sidan helga. Høyre om ikkje Jørgen kan hente den før han fer på jobb imåra.

Herregud, katten e megaøsen her. Fer rundt og klatrar oppetter stolen sin, og tek fart over sofaen.hehe. Sander tok tak i ho istad og drog ho bortover golvet.hmm, jammen har vi ein snilde katt. må sjølvsagt passe på heile tida, men ho e veldig snill. Her hin dagen so hadde sander klatra oppetter noko og datt bakover på golvet. Begynte då og hyle. Eg dreiv og la i ovnen,og kom no bort og trøsta han og tok han opp. Lotus som låg i stolen sin hoppa ned og kom bort og smaug seg rundt beina mine,før ho gjekk bort på leiketeppet til Sander og la seg ned der. Heilt tydelig at ho ville at eg skulle sette han ned til ho. So ho e med å trøsta ho og:)

Jørgen e ikkje ferdig på jobb før 17.30 om dagane og jobbar av og til frukost og av og til kveld i tillegg. Kan bli lange dagar på oss her heime. (hjelpes,no e han begynt å reise seg opp og stå ved bordet..! må jaggu skru fast hyller trur eg!! )
I kveld skal eg sjå so mykje på tv. Skulle vel kjøpt meg inn noko godt, men får heller klare meg med litt pepsi max. Jørgen drikk so mykje av det, og no e eg og begynt.hehe

onsdag 11. februar 2009

reint hus og nye tenner

Idag har eg fått vaska litt i huset. Anette kjem kanskje på fredag og skal vere her i helga, og då e det greit å ha et ok reint hus. :D Utnytta dei to timane Sander sov. No kjem han forresten klatrande oppover foten min her. Dunkar hovudet i stovebordet. E litt trangt mellom sofa og stovebord pga at vi har steimplate på bordet.. Det gjere til at eg knapt klarar å flytte på det. Når vi flytta inn måtte ein kompis hjelpe Jørgen å flytte det so vi fekk på plass teppe..hehhe. Det e sikkert 50 kg:) Minst!!!

sander har dei siste dagane vore litt sur når det har lidd litt ut på dag, og har fått sånne skikkelige sinteperiodar. (slik at heile kroppen spenner seg og han blir raud i ansiktet og han bit hardt saman.z<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<< ja,det siste der var det lillegutt som var bortpå og skreiv. han har og sikla eindel. Og idag til lunsj so såg eg tann nr to stikke sovidt opp. So der er nok grunnen:) må hugse å skrive det inn i boka hans. So får vi håpe at han kan sove gjennom natta igjen når dette e ferdig. Har vore litt tull dei siste nettene.

I dag so stod han forresten i senga. Eg sat på golvet og såg på, og han klarte det uten ein hjelpande finger frå mor:) So no må senga ned på lavaste nivå. :P

tirsdag 10. februar 2009

fin dag:)

Idag har eg og Sander kosa oss. Karianne og Torjus klarte å overtale oss til å bli med på babysvømming. Vi gjekk eindel på det før,men no e det so mykje pes med på-og avkledning,tining av bil og masse utstyr som skal med. Men idag fann eg ut at det fekk gå:) Merkar at sander kjedar seg av å berre vere her heime og sjå samme leikane kvar dag.
Vi var berre 5 mødre idag, og ingen instruktør. Men vi hadde det kjempekjekt. kosa oss masse i det varme vatnet. Etterpå gjekk vi og karianne og Torjus på kafe og sat der eitpar timar. Sander var kjempetrøtt og sovna i bilen på veg dit.hehe. Sov ei stund i vogna. Heilt perfekt,slik at eg fekk ete opp spaghettien eg hadde bestilt:)

No er sander i seng og eg har kosa meg med snickerskake som eg fekk med Jørgen på morsdagen.:)

Kjenner eg e kjempehigen på hus no!! Er so drittlei av å dele hus med andre,bråkande mennesker!!! I kveld har babycallen slått inn MANGE gongar av gutten på 3-4 år som har rom under Sander. Han legg seg seriøst ikkje før rundt 22-23. Og driv då og bråkar og herjar der nede. Men kan jo ikkje klage då,han må jo få leike. Men GRRRRRR!! kjenner eg blir jævla hissig! Hadde det andre soverommet vore mindre,so skulle han fått det. Men det e jo enormt,so det går ikkje. Får berre holde ut. Klagde på den andre naboen her. Han hadde vorspiel, og av og til skrudde han opp volumet på max når det var e bra sang. Enda med at eg ikkje fekk sove. Jørgen var på jobb,so han slapp bråket. Ska endel til før eg klagar,men då søkte eg opp nr hans og sendte meld om at han fekk roe seg. La og til at Sander hadde våkna tre gongar den siste timen. Nja,det va jo ikkje sant. Va jo EG som ikkje fekk sove, men greit å ha ein liten ein å skulde på:()


Må fortelle litt om utviklinga til sander. dei siste dagane no har han plutselig blitt so mykje meir mobil. Prøvar å klatre opp og vil opp og stå heile tida. Hin dagen so reiste han seg opp fra mageleie og opp til ståande oppetter ein stol, heilt aleine. Då måtte mammaen felle ei tåre. Var sååå stolt av lissje nurket mitt:) :) Om kvelden etter kveldsstellet so får han ligge på teppe oppe i gangen naken for å få lufta kroppen litt. Og for nokre dagar sidan so prøvde han å krabbe litt, og no krabbar han kjempebra!! :) lettast når han e naken og slepp bleia som hindrar bevegelsane. Han klarar t.o.m å sette seg i sittande fra krabbestilling. Jippi! :) jepp,eg e såååå stolt! :)

torsdag 5. februar 2009

det snør og snør


Sit og ser ut. Tynne snøflak som dalar. Gradene har nådd minus 10, og det er litt meir enn det har vore dei siste dagane. Var ute og gjekk tur med Sander og Jørgen for etpar dagar sidan, og det var sviiinkaldt. Har vore fint veir med sol og blå himmel, men vi brukar å gå ut i dei tider sola går ned, og då blir det fort kjølig!

Idag tenkte eg å få gjort litt i heimen. Blir so mykje støv so fort, eg fattar ikkje kor det kjem frå! Og golvet som til stadighet blir fullt av rusk. fysj! Når ein då har ein gut som puttar alt i munnen,so seier det seg sjøl at støvsugaren e framme titt og ofte.

Hadde besøk av ei venninde og hennes sønn. Torjus er 20 dagar eldre enn Sander, so det er kjekt å la dei treffast og leike. Nå er Torjus begynt å krabbe, og ville heile tida opp og klatre. Flink han er! Sander er litt meir rolig, men dreg seg fram og vil gjerne klatre litt han og. Merka han vart litt sjalu i går når eg sat og leika med Torjus. Då vart det sutring og åling bort til oss og ville opp. Morsomt at han er komt til det punktet,liksom. Utvikling e kjekt!
Dei e jo no ganske so mobile begge to, og det var krabbing over kvarandre og greier. hehe. Dei var veldig interesserte i tv-bordet, for der er glasdører som dei kunne spegle seg i. Torjus prøvde å klatre oppå Sander slik at han kunne få tak i kanten på bordet. Ser for meg dei to når dei blir eldre. Samarbeid for å gjere ugagn. :) Eine legge seg ned og den andre klatrar oppå og opnar dører og slikt. hehe. Trur eg har sett det på americans funniest homevideos...

Karianne,mor til Torjus, er i lykkelige omstendigheter igjen. Kjempekoselig. kjenner eg på ein måte er litt misunnelig,men på ein annan måte ikkje. Vil vente ei stund til.
Har ei venninde til som ventar små. dei to har vel termin med ein mnd mellomrom. Men ikkje før til hausten igjen. Babyboom her no!! :) Skal forresten ut og ete med dei ein kveld. Kjekt å kome seg ut og vere litt anna enn berre mamma. Tenkte å invitere ho eine ned ein kveld slik at ho kan sjå om det er noko babyutstyr ho vil låne. Ho er førstegangs, så kan vere litt peng å spare på låning. Karianne ville ihvertfall låne pumpa. hehe, om og gjere å vere først til mølla her. :)

Sander har noko utslett på overkroppen. Har hatt det ganske lenge, og varierar kor mykje og kor sterkt det er. Nokon dagar er det mykje og veldig hissig, mens andre dagar er det lysare og mindre i omfang. Bestilte meg ei salve på nettet, med berre naturlige ingrediensar. So får vi sjå om det virkar. Driv og testar med mat også. E jo ein mulighet for at han reagerar på noko han et.

I går fekk han forresten smake litt pepsi max. Va ikkje so mykje kolsyre, men nok.hehe. Vart litt grimasar og skjelvingar(!), men trur det falt i smak. Syns det er so kjekt at han e blitt so stor at han kan prøvesmake ting!