fredag 28. mai 2010

til pappa













Her kjem bildene av det vi har i hagen som vi ikkje veit ka er. hjelp!!!!!



dei to siste over er samme. ser ut som gras, men er liksom planta der i klumpar,ser det ut som.



onsdag 19. mai 2010

besøk av folk og dyr






Idag har vi storkosa oss ute. Sander fekk besøk av Linnea og dei leika ute på plenen, mens eg og Annette sat på verandaen og prata. Kjempekoselig! Der er ingen snø att på plenen no, og faktisk er der byrja komme opp litt blomstrar! :) nokre stutte små lille og gule. veit ikkje ka dei heiter eg... hehe. Sander vart sliten etter besøket og ligg no og søv.

Eg sat og åt knekkebrød med majones og fenalår ( fantastisk godt btw!!! ) og plutselig so kom der en fugl inn gjennom verandadøra. Og rett inn i stovevinduet. stakkars. Den herja på bak gardina her, og då såg jo katten sitt snitt til eit gratismåltid og hoppa etter. Men vil vel ikkje ha blod og gørr på gardinene mine(!) så katten heiv eg vekk. Vakje so enkel å få tak i dinna fuglen, men klarte det til slutt og fekk satt han ut på verandaen. Prøvar å legge ved eit bilde så dåkke får sjå. ekje det en svale ska tru?? Kjempefin va den ihvertfall. glinsande blå!

17. mai var ein fin dag! På veg opp til toget, trafff vi noko eg trur var orrhøne, eller rype eller noko, hehe. Det var ihvertfall ein stor fin fugl. Sånn som dåkke har på hylla heime, pappa! sånn fugl var det. Den gjekk litt ved sida av bilen før den flaug sin veg. Så kom vi opp, litt for tidleg faktisk. Var kun ein bil der frå før, so Jørgen lurte på om vi va der en time for tidleg... Hehe, skal ikkje mykje til for å så tvil i mitt haud, veit de, så eg vart litt i tvil. Men neida, det kom fleire:D Og på plassen oppe ved helsesportsenteret stod korpset. sander var flink og gjekk store deler av vegen sjøl. Men vart trøtt, so vi stoppa og satt han i vogna. toget snudde litt lenger oppe, so vi stod og venta til det var tilbake . so reiste vi heim etterpå. Jørgen sku på jobb. Sander fekk sove, og han sov LENGE!! tok på å blåse i fløyta trur eg! hehe. Måtte vekke han 14.30, for vi sku vere på SAS en time seinare og ete middag. Var 4 familiar som åt ilag. Jørgen jobba då,men var no bortom bordet vårt nokre gonger. sander var kjempeflink. fekk ros av alle for at han åt so mykje grønsaker. hehe. Han var kjempesnill heile feiringa!!

etter middagen gjekk vi ned til Annette so sander fekk leike meir med Linnea. dei leikar såååå fint ilag!!! Ja, Torjus var og med. søtnosen!!! :D Dei leika kjempefint alle tre! sander gjekk rundt med ein leikestøvsuger, torjus lagde "mat" og Linnea mekka litt :P

so kledde dei seg ut. Var så fine atte! prøve å legge ved eit bilde av sander.

etterpå åt dei litt eple:

Vrimlar av fuglar her! I går hørte eg gjøken for første gong. en dag eg sku frå jobb holdt eg på å køyre på to duer, av alle ting, oppi vegen her. Og en annan dag flaug her ei ugle. Og ja, en kveld såg eg to digre fuglar som fauk over huset. dei var so store at det vart store skuggar på trea dei fauk over. Tankane mine gjekk til fuglane som fantes før i tida. dinosaurusfuglane....hehe

nei, må hive meg i dusjen. huset e bomba ,men det drit eg i. for eg skal på jobb kl 15! hehe.
sneiks

mandag 10. mai 2010

maling og latter

Vi driv framleis med veggane i gangen. bilder kjem nok seinare, har ikkje fått lagt dei inn på dataen enno. Men ihvertfall, det går framover, men det går SEINT! Ikveld har vi fått lagt eit nytt strøk på karmar.Taket er ferdig,utanom kassene. Panelet nederst er blitt kvitt, og vi trur vi slepp fleire strøk der. Den raude stria er blitt rosa/raud/kvit av at vi har grunna den to gongar. Dørene er vi usikre kva fargar dei skal få, men det tek vi etterkvart. Panelet nederst blir ihvertfall kvitt,som taket og dør/ - vinduslister, striene skal bli lysegrå etterkvart(!) og små lister blir mørkegrå; samme som boksane i taket. Jepp, står framleis MASSE jobb att!!! :Z

Sander er i storform for tida. Tissar på potta om han er naken på badet, tømmer det i do, og vaskar potta i vasken slik at den er klar til neste gong. I går sat han naken i senga vår etter dusjen, og plutselig seie han at han må tisse på potta. Eg seier at eg kan løfte han ned, men då seier han nei,tisse senga, og gjorde seg deretter klar til å gjere senga våt! Men då løfta vi han på golvet og han sprang på badet og tissa i potta. fleire gongar. Det kjekkaste er jo å tømme det i do og vaske den etterpå. hehe. Ofte han prøvar å tisse i den igjen og igjen slik at han får tømme og vaske. Han kan stå og presse ut dråpar med slik ei kraft at knena knekk under han. :D

Han er og begynt med trass. I eine augeblikket vil han ha banan, so får han og då vil han ikkje ha.so skrik han fordi han vil ha den likevel,men når han får den so vil han ikkje ha den, and so on,and so on. So kan vere slitsomme dagar her no. I natt våkna han kl 24, og låg jammen våken til 4 før han sovna. han låg og klynka til stadighet, men påsto at han ikkje hadde vondt nokon plass. til slutt tok eg han inn i store senga til oss. då var kl 2, og eg tenkte at om eg skulle få sove i heile tatt so måtte det bli slik. Han brukar ikkje sove hos oss. Han sov hos meg ein gong for en mnd sidan, når eg og han var aleine heime og han hadde feber. Men då sovna han i storesenga på natta, det gjorde han ikkje i natt!! :/ Han vart meir og meir våken. Jørgen begynte med sånne små klikk når han pusta ( han sov jo godt!!), og sander begynte å herme etter lydane! :P Då fann eg ut at det var på tide å legge han i eigen seng igjen, for ditta funka ikkje. Jammen sovna han, og sov til 8. So eg leverte han i barnehagen idag, og gjekk rett i seng etterpå. Formen hans har vore veldig fin i heile dag, so eg veit ikkje ka som skjedde i natt. Mulig han er begynt å bli mørkeredd,eg veit ikkje.

I tillegg er han blitt vanskelig å legge. Det er hyl og skrik, :( vil ikkje at eg skal synge nattasang når eg legg han, men HYYYYLER seinare om at eg skal synge. Når eg då går inn at so skal eg ikkje synge likevel. GRRR. So no må vi sette hardt mot hardt, seie godnatt, og ikkje gå innatt i heile tatt. I sofall berre for å legge han ned og berre sei godnatt, utan å gje han noko meir oppmerksomhet. trasstid nr 1!

Ellers går alt sin vante gang. lengtar etter sommar og sol!!! Snøen er begynt å forsvinne verkeleg no. Og brun,blaut mark kjem meir og meir til syne. Skal ta og rake hagen no. Jammen har vi stor hage, ser det no når snøen forsvinn! hehe. Blir morsomt å sjå ka busker som dukkar opp etterkvart som det blir sommar! Trur her sku vere nokre bærbusker i hagen. Mulig der er ei stikkelsbærbusk, ihvertfall :) HERLIG!!!! Vi tenke å kjøpe trampoline til Sander til 2 års dagen. Litt for mi skuld og då,sjølsagt!! hehehe. Får sjå om vi har råda berre. Eg blir ikkje satt so mykje opp på jobben og har deretter inntekt. Men no skal eg meldie meg inn i handel og kontor!!!!
Men ihvertfall, vi har 500 att frå mamma og pappa, og dei ksla inn i trampolina. So ser vi ka som skjer. trur vi får trehjulssykkel eller traktor av mora til Jørgen.

Sistnevnte kjem på besøk til oss på onsdag:) koselig. Ho blir til torsadg trur eg. Kjekt å få besøk, merkar det veldig godt på sander at han ELSKAR besøk!!!

Til pappa: Sander hugsa godt at dåkke var her når den biten på togbana hans datt av. nesten kvar gong vi bygger den, so peika han på biten og seie "besten øla". hehe. det kjem du nok til å bli hugsa for! :P

Det var månadens oppdatering frå valdres! :)