Dagane her går no med på å forberede barnehagestart den 19. Sander har fått sitt eiget velkommen-brev, og det var med klump i halsen eg las det. E ganske spes å skulle legge barneoppdragelse og tilsyn til folk eg knapt kjenner. Syns det er litt vanskeig faktisk. Men reknar med det kjem til å gå seg til. E nok dei første dagane det er verst... håpar eg!
Idag har eg ihvertfall sete og merka kle. Greit å ha gjort det. Vi har kjøpt bhg-sekk til gutten og. Det var liksom prikken over i-en på at svangerskapspermisjonen min er over.
For min del skal eg tilbake i jobb rundt 7. september. Gler meg IKKJE!!! æsj! Men skal bli godt å få litt inntekt igjen!
Vi har fått en lekkasje i 2.etasje. kvar gong det verkeleg høljar ned. Jørgen har prøvd å tette, men i går vart det skikkelig uveir, og då vart jaggu teppet på datarommet klisjvått igjen. Vi har fått vaska vekk soppen som var der, og kasta klesskapet. Jørgen tok vekk lista nede, og den var delvis so morken at det datt av bitar. So det har nok vore slik ei stund. ikkje finn vi ut kor det kjem fra heller:(
Primeraen har fått søppelsekk på vinduet på førersida. Eg var ute og naut det fine veiret med ruta nede, og når eg kom fram til kiwi so ville ikkje ruta opp att.... trur det er den vaier-saken som har hoppa av. Sjølsagt vart det pissregn seinare på dagen, so då måtte vi improvisere. snakka med sjefen min på esso, og han sa vi skulle komme opp med den idag,so sku han sjå på den. Håpar han klarar å fikse den!
So kjem litt bilder fra Sander :)
Ja det var jammen flott med eit lite brev igjen ! ;)
SvarSlettUsja, lekkasje er ikkje te å spøkje med, ditta såg ikkje bra ut!!
Gled meg te å sjå bilde av Sander klar for barnehagen med sekk og det heile !! :)