lørdag 29. august 2009

....

Sander har vore litt rar i kveld. Han var ute på verandaen i sokkelesten og der var det vått, so han vart klisjvåt på sokkane ,buksa og bodyen. Hendene og føta var kalde når han kom inn att. So eg tok av han alt utanom bleia. So stod han og hoppa og tulla litt. Eg tenkte at eg kunne ta av han bleia og,slik at han fekk lufta seg litt. Men då begynte skriket.. Han ville ikkje stå oppreist lenger og hyyyylte. Eg trudde han hadde skada seg i ein fot eller noko,for han ville berre at vi skulle bære han. skreik lenge og ville ikkje stå på golvet.Då fekk han berre panikk. Jørgen skulle sjølsagt på jobb,so eg vart att her aleine med han.
Kveldsmat ville han ikkje ha, og begynte å sutre om eg prøvde å ta på føtene hans. Og han ville ikkje sitte aleine. So eg bar rundt på han. So var det badetid. Eg bada ilag med han, men han ville ikkje stå i badekaret. Då begynte han berre å grine. so vi gjekk opp, og eg sat med han med handkle rundt oss på golvet.sang og vugga litt på han. tok på beina hans for å sjekke om det var vondt,men han brydde seg ikkje nemneverdig. Då holdt han faktisk på å sovne, so det var å sprette opp og kle på han nattkle. Pusse tenner ville han heller ikkje, noko han elskar. So det vart berre ein fluortablett.
Inne på rommet sat eg meg på golvet og vugge på han og etter ei stund sovna han. Han brukar ALDRI å sovne i armane våre. Har hendt ein gong etter at han vart stor..
So no får vi sjå koss natta går. Han e ikkje varm ihvertfall. og eg såg ingenting på føta hans. Kan vere neglesprett sidan han vart so kald ute. Men det kan og vere mageknip.. han har fått litt for mykje snop idag. Og når han var på verandaen drakk han vatn som var på golvet og som hadde samla seg i solstolane! Håpar det berre e noko forbigåande ihvertfall. Han brukar ikkje vere slik!

Når det gjeld jobb so fekk eg vaskejobben. MEn eg trakk søknaden min fordi det vart forlite fleksibelt. Arbeidstida var frå 13 til 16.30, so det vart umulig å kombinere det med noko. Når eg arbeidsgjevaren om dette so sa han at eg måtte vente litt,for dei ville sjå om dei ikkje hadde noko eg kunne kombinere det med. :D Men han ringte meg etterpå og dei hadde ikkje noko no. Noko han syns var sterkt beklagelig. Han avslutta med at eg måtte VERE SO SNILL Å SØKE dersom det kom nye ledige stillingar innan reinhald,for dei ville verkeleg ha meg inn :D kuult! :P

Idag var vi på kiwi. ei eg kjenner litt er blitt assisterande sjef der. Ho kom bort og lurte på om eg var interessert i jobb der. :D Ei som har slutta no og dei lurte derfor på å ansette ein ny. Eg spurte om lønn og slikt. Og ho sa at dei med høgst annsenitet låg på 149,67 i timen. og tillegga e på 18, 42 og 84,trur eg.Det er MASSE!!! Men eg hadde vel ikkje fått so mykje. kanskje 140? veit ikkje. Ihvertfall so sa eg at eg ville ha ei 70-80% stilling i sofall. Ho skulle snakke med sjefen og høyre med han. Ho ringte meg seinare på dagen og sa at sjefen var veldig interessert sidan eg ville jobbe i den stillingsprosenten.men han klarte ikkje å plassere kem eg var. So eg skal opp til han etter helga eingong og høyre kva han har å tilby, og om han vil ha meg :D Rart kor ting endrar seg! Er jo ikkje sikkert eg får jobben, men likevel. Rart at alt skjer på ein gong.

Ventar på den nye mobilen min og. trur det skal komme i byrjinga av neste veke. sjekkar sporingsnr på pakken heile tida.hehehe. Som ein liten unge!!

No skal eg kose meg med maiskolbar og nett ei stund. Og sjekke litt Sander innimellom. Have a nice evening!

3 kommentarer:

  1. Får håpe Sander ikkje har fått sykje då, det er vel mangs slags sykjer han kan komme med no han har begynt i barnehagen.
    Tenkjer det vert ny jobb på deg innan kort tid.

    SvarSlett
  2. kansje sander har fått flis i foten?

    men 149.67 i timen e jo kjempe masse! eg har (hadde) 127.42 kr i timen.. men so fåt jo du meir enn meg pga du har sander i tillegg.. å trur du får max 80% stilling, butikkjobb har ikkje 100% til "vanlege annsatte".. trur du får jobben ;) "Kiwi-Janne" :p hehe

    ka mobil e du venter på da?

    SvarSlett
  3. Eg veit ikje ka eg vil begynne på i lønn. På den coop jobben va det snakkk om kanskje 133, mens det verka som om hotelljobbinga mi gjer masse ansenitet på kiwi. Får vel vete det om eg får jobben:) Får ikkje meir fordi eg har Sander. Men eg e jo mange år eldre enn deg! :P
    Joda, dei har 4 stk som jobbar 100% trur eg. Men eg sa at eg berre va intr i 60-80%. Får sopass mykje i lønn der at det skulle gå:)
    mobilen eg ventar på er ein SE w995. Med tele2 abb. :) GLEDAR MEG!!!!

    SvarSlett