mandag 17. august 2009

nærkontakt av altfor stor grad!

I går gjekk eg bort i containeren 30 meter borti her, med søppel. Vi er så plaga med ein grevling som rotar søpla vår utover alt kvar natt, so no går vi heller bort og hiv bosset i containeren.
Vel, på veg tilbake syns eg at eg såg ein stor skugge ved ein stein. Dette var ca 50 meter lenger framme. Tenkte at det sikkert var noko heilt vanlig, men stussa litt over at eg aldri hadde lagt merke til den før... Såg på litt andre ting, og når eg då såg framover igjen so var eg sikker på at ditta ikkje va noko som brukte å vere der. Var ein stor brun ting, og på toppen var det to dingsar som stakk opp.(som "horna" sjiraffen har). Eg kjente hjertet begynte å banke litt ekstra. Kunne det vere en stor elg?? Elg i BEITO,liksom? Fra krysset hos oss og bort til der den stod var det kanskje 30 meter. Dei kan jo vere farlige, og varldig kjappe, so eg tok snarvegen gjennom graset og sprang inn. Sa til Jørgen at han måtte komme ut og eg henta fotoapparatet.for å få fram (koffor kjem det understreking her no????), vel, for å få fram størrelsen på beistet legg eg ved dette bildet:litt ubehagelig at det fins slike nedi her,syns eg! :) Men spennande med eit rikt dyreliv. Hadde berre ønska å få sjå grevlingen som e rett utanfor huset her om natta. E ofte eg riv opp utgangsdøra om kvelden i håp om at eg skal ta den på fersk gjerning, men eg klarar det aldri! hehe

Sander har eg no lagt til middagskvil. (hmm, no vart understrekinga vekk...ka skjer?!?)
Han sov leeenge idag! Han har våkna i 6-tida kvar morgon,men idag sov han til 8. Det var godt!
Onsdag skal han begynne i barnehagen, og eg har framleis litt kle og ting å merke. Får ta meg av det imåra trur eg. Idag skal vi til Fagernes og hente bilen..

Må legge til noko eg syns e litt festlig. Har eit videoklipp med sander og Jørgen som herjar. Sander ler gjennom heile klippet, men på slutten byrjar han å grine. Veit ikkje koffor, men han var litt trøtt den dagen. Ihvertfall, viste Sander klippet etterpå. Mange gongar. Og kvar gong når han på videoen begynte å grine,so skar underleppa hans ut og han fekk tårer i augene og begynte å hikste litt. hehe. Lurer på om det er medfølelse for seg sjøl han har?? Eg og Jørgen måtte jo prøve fleire gongar, og sleit med å holde oss alvorlege kvar gong leppa skaut ut. hihi. skal ikkje plage han for mykje med det, for det er jo tydelig at han ikkje syns det er noko særlig.. :)

Legger ved eit bilde av kaka eg lagde hin dagen. vi var sugne på noko godt, og eg syns faktisk at det er kjekt å lage bløtkake :) kjekt å eksperimentere med fyllet sidan det berre er vi som skal ete den.og litt bilder av Sander (hmmmmm....strek igjen?!?!)her hjelper han til med å vaske :)

1 kommentar:

  1. hehe.. stakkars Sander! synst det var vel litt trist?
    elgen er jo ikkje farlig vist du beholde roen.. da springer som regel vekk ;)

    dei understrekingane er linken til bilda, trykke du på det du har skreve med understrek kjem bildet opp i større format ;)

    SvarSlett