onsdag 7. juli 2010

jadda... litt bilder igjen då.. :)







Herregud, får ikkje dette til å bli ordentlig rekkefølge, men men.

To bilder er av oppussa yttergang. Det vart fint,hæ?? :D

Dei to sommarbildene ute er frå sander sin toårs-feiring. Heldige med veiret! :D
Ser Sander fekk vere med på fotball med karane:) Utrulig nok so kom faktisk alle fedrene til ungane som var med! :)

Så er det eit der eg og Sander hadde baka bolla, og han hadde ete halve deigen! :/ hihi

Og eit med rakkarungen og Lotus i lenestolen:)

onsdag 30. juni 2010

bilder























her kjem nokre hagebilder

fredag 28. mai 2010

til pappa













Her kjem bildene av det vi har i hagen som vi ikkje veit ka er. hjelp!!!!!



dei to siste over er samme. ser ut som gras, men er liksom planta der i klumpar,ser det ut som.



onsdag 19. mai 2010

besøk av folk og dyr






Idag har vi storkosa oss ute. Sander fekk besøk av Linnea og dei leika ute på plenen, mens eg og Annette sat på verandaen og prata. Kjempekoselig! Der er ingen snø att på plenen no, og faktisk er der byrja komme opp litt blomstrar! :) nokre stutte små lille og gule. veit ikkje ka dei heiter eg... hehe. Sander vart sliten etter besøket og ligg no og søv.

Eg sat og åt knekkebrød med majones og fenalår ( fantastisk godt btw!!! ) og plutselig so kom der en fugl inn gjennom verandadøra. Og rett inn i stovevinduet. stakkars. Den herja på bak gardina her, og då såg jo katten sitt snitt til eit gratismåltid og hoppa etter. Men vil vel ikkje ha blod og gørr på gardinene mine(!) så katten heiv eg vekk. Vakje so enkel å få tak i dinna fuglen, men klarte det til slutt og fekk satt han ut på verandaen. Prøvar å legge ved eit bilde så dåkke får sjå. ekje det en svale ska tru?? Kjempefin va den ihvertfall. glinsande blå!

17. mai var ein fin dag! På veg opp til toget, trafff vi noko eg trur var orrhøne, eller rype eller noko, hehe. Det var ihvertfall ein stor fin fugl. Sånn som dåkke har på hylla heime, pappa! sånn fugl var det. Den gjekk litt ved sida av bilen før den flaug sin veg. Så kom vi opp, litt for tidleg faktisk. Var kun ein bil der frå før, so Jørgen lurte på om vi va der en time for tidleg... Hehe, skal ikkje mykje til for å så tvil i mitt haud, veit de, så eg vart litt i tvil. Men neida, det kom fleire:D Og på plassen oppe ved helsesportsenteret stod korpset. sander var flink og gjekk store deler av vegen sjøl. Men vart trøtt, so vi stoppa og satt han i vogna. toget snudde litt lenger oppe, so vi stod og venta til det var tilbake . so reiste vi heim etterpå. Jørgen sku på jobb. Sander fekk sove, og han sov LENGE!! tok på å blåse i fløyta trur eg! hehe. Måtte vekke han 14.30, for vi sku vere på SAS en time seinare og ete middag. Var 4 familiar som åt ilag. Jørgen jobba då,men var no bortom bordet vårt nokre gonger. sander var kjempeflink. fekk ros av alle for at han åt so mykje grønsaker. hehe. Han var kjempesnill heile feiringa!!

etter middagen gjekk vi ned til Annette so sander fekk leike meir med Linnea. dei leikar såååå fint ilag!!! Ja, Torjus var og med. søtnosen!!! :D Dei leika kjempefint alle tre! sander gjekk rundt med ein leikestøvsuger, torjus lagde "mat" og Linnea mekka litt :P

so kledde dei seg ut. Var så fine atte! prøve å legge ved eit bilde av sander.

etterpå åt dei litt eple:

Vrimlar av fuglar her! I går hørte eg gjøken for første gong. en dag eg sku frå jobb holdt eg på å køyre på to duer, av alle ting, oppi vegen her. Og en annan dag flaug her ei ugle. Og ja, en kveld såg eg to digre fuglar som fauk over huset. dei var so store at det vart store skuggar på trea dei fauk over. Tankane mine gjekk til fuglane som fantes før i tida. dinosaurusfuglane....hehe

nei, må hive meg i dusjen. huset e bomba ,men det drit eg i. for eg skal på jobb kl 15! hehe.
sneiks

mandag 10. mai 2010

maling og latter

Vi driv framleis med veggane i gangen. bilder kjem nok seinare, har ikkje fått lagt dei inn på dataen enno. Men ihvertfall, det går framover, men det går SEINT! Ikveld har vi fått lagt eit nytt strøk på karmar.Taket er ferdig,utanom kassene. Panelet nederst er blitt kvitt, og vi trur vi slepp fleire strøk der. Den raude stria er blitt rosa/raud/kvit av at vi har grunna den to gongar. Dørene er vi usikre kva fargar dei skal få, men det tek vi etterkvart. Panelet nederst blir ihvertfall kvitt,som taket og dør/ - vinduslister, striene skal bli lysegrå etterkvart(!) og små lister blir mørkegrå; samme som boksane i taket. Jepp, står framleis MASSE jobb att!!! :Z

Sander er i storform for tida. Tissar på potta om han er naken på badet, tømmer det i do, og vaskar potta i vasken slik at den er klar til neste gong. I går sat han naken i senga vår etter dusjen, og plutselig seie han at han må tisse på potta. Eg seier at eg kan løfte han ned, men då seier han nei,tisse senga, og gjorde seg deretter klar til å gjere senga våt! Men då løfta vi han på golvet og han sprang på badet og tissa i potta. fleire gongar. Det kjekkaste er jo å tømme det i do og vaske den etterpå. hehe. Ofte han prøvar å tisse i den igjen og igjen slik at han får tømme og vaske. Han kan stå og presse ut dråpar med slik ei kraft at knena knekk under han. :D

Han er og begynt med trass. I eine augeblikket vil han ha banan, so får han og då vil han ikkje ha.so skrik han fordi han vil ha den likevel,men når han får den so vil han ikkje ha den, and so on,and so on. So kan vere slitsomme dagar her no. I natt våkna han kl 24, og låg jammen våken til 4 før han sovna. han låg og klynka til stadighet, men påsto at han ikkje hadde vondt nokon plass. til slutt tok eg han inn i store senga til oss. då var kl 2, og eg tenkte at om eg skulle få sove i heile tatt so måtte det bli slik. Han brukar ikkje sove hos oss. Han sov hos meg ein gong for en mnd sidan, når eg og han var aleine heime og han hadde feber. Men då sovna han i storesenga på natta, det gjorde han ikkje i natt!! :/ Han vart meir og meir våken. Jørgen begynte med sånne små klikk når han pusta ( han sov jo godt!!), og sander begynte å herme etter lydane! :P Då fann eg ut at det var på tide å legge han i eigen seng igjen, for ditta funka ikkje. Jammen sovna han, og sov til 8. So eg leverte han i barnehagen idag, og gjekk rett i seng etterpå. Formen hans har vore veldig fin i heile dag, so eg veit ikkje ka som skjedde i natt. Mulig han er begynt å bli mørkeredd,eg veit ikkje.

I tillegg er han blitt vanskelig å legge. Det er hyl og skrik, :( vil ikkje at eg skal synge nattasang når eg legg han, men HYYYYLER seinare om at eg skal synge. Når eg då går inn at so skal eg ikkje synge likevel. GRRR. So no må vi sette hardt mot hardt, seie godnatt, og ikkje gå innatt i heile tatt. I sofall berre for å legge han ned og berre sei godnatt, utan å gje han noko meir oppmerksomhet. trasstid nr 1!

Ellers går alt sin vante gang. lengtar etter sommar og sol!!! Snøen er begynt å forsvinne verkeleg no. Og brun,blaut mark kjem meir og meir til syne. Skal ta og rake hagen no. Jammen har vi stor hage, ser det no når snøen forsvinn! hehe. Blir morsomt å sjå ka busker som dukkar opp etterkvart som det blir sommar! Trur her sku vere nokre bærbusker i hagen. Mulig der er ei stikkelsbærbusk, ihvertfall :) HERLIG!!!! Vi tenke å kjøpe trampoline til Sander til 2 års dagen. Litt for mi skuld og då,sjølsagt!! hehehe. Får sjå om vi har råda berre. Eg blir ikkje satt so mykje opp på jobben og har deretter inntekt. Men no skal eg meldie meg inn i handel og kontor!!!!
Men ihvertfall, vi har 500 att frå mamma og pappa, og dei ksla inn i trampolina. So ser vi ka som skjer. trur vi får trehjulssykkel eller traktor av mora til Jørgen.

Sistnevnte kjem på besøk til oss på onsdag:) koselig. Ho blir til torsadg trur eg. Kjekt å få besøk, merkar det veldig godt på sander at han ELSKAR besøk!!!

Til pappa: Sander hugsa godt at dåkke var her når den biten på togbana hans datt av. nesten kvar gong vi bygger den, so peika han på biten og seie "besten øla". hehe. det kjem du nok til å bli hugsa for! :P

Det var månadens oppdatering frå valdres! :)

onsdag 10. mars 2010

sol og pepperkaker

Ute skun sola og her sit eg med pepperkaker i munnen. Pepperkaker er akkurat like gode i mars som dei er i jula. Kanskje endå betre,for det er jo eigentleg litt "ulovlig"... hehe

Eg jobbar berre to dagar denne uka(!) og har derfor tida til litt heimesysler. (som å ete pepperkaker og drikke kaffi med dataen i fanget...) Idag får besøk av ein nabo som ville komme innom og sjå koss vi har fått det. So då MÅ eg jo faktisk dra rompa opp av sofaen. Har fått gjort litt allerede. Og dørene står opne til luftings. Gler meg så vanvittig til sommaren at eg har ikkje ord! Skal bli so deilig å berre kunne opne huset frå topp til tå, kunne gå ut uten ein tråd (nesten..), og kunne kose seg i sola. Blir heilt fantastisk, og spesielt i år , sidan vi har gått gjennom ein forferdelig kald og lang vinter. :D Håpar berre vi får litt meir enn 3 veker sol dette året. i fjor var det ca kun 3 veker med fint veir HEILE SOMMAREN!!!!! Det er litt for lite når vi har gått gjennom 7 MND med snø!

Trur det skal bli kjekt for Sander å kunne vere masse ute i sommar og. Kanskje eg kan får han til å prøve potta litt meir i sommar.. Han sprang her uten bleie en kveld. Plutselig kom han springande til meg og sa at han måtte få bleie på. so då fekk han det, og DÅ tissa han. Dette har han gjort før og! Han kan våkne med tørr bleie på morgonen og held seg gjerne til han står i dusjen med oss. Om vi ikkje dusjar so ventar han til han får på seg ny bleie før han tissar. Har prøvd å sette han på potta, men han vil ikkje det. :( Men han har jo kontroll då. Han greier jo å holde seg til han får på seg bleie. Og når han har tissa i bleia,so seie han " ny beie", og då må vi skifte. :)

Sander blir jo to år i slutten av mai. Eg lagar ei lita liste over ting han ønsker seg. (det er lov å
spleise med nokon altså! :D )

* akebrett eller kjelke. Helst med ratt. Babyakebrettet er blitt for lite og EG FÅR IKKJE PLASS!!!!!!!! :P

(* tripp trapp-stol ( denne håpar eg vi kan få arve frå Geilo. Men visst ikkje so er det mulig at han får det av oss. ) )

* klede i str 92-98

* sacco-sekk

* ute-leikar

(* trehjulssykkel (Om han får arve stol frå Geilo,so får han kanskje sykkel av oss) )

Ja, det var vel det vi hadde tenkt på. Om det er noko de har lyst å kjøpe,so please sei frå,slik at ikkje Jørgen si side kjøper det samme.

Lurer også på å kjøpe ski til han. slike som ein slepp skisko i. trur eg hadde slike når eg var liten, som en berre festar vanlige sko i liksom. Men blir nok ikkje før til neste vinter han får det,evt. Eg vil at han skal få ei litt meir positiv haldning til ski enn eg har, spesielt med tanke på at vi bur oppi her! :)

Jappjapp. Om det er nokon i denne store verden som les bloggen min, so kan de gjerne skrive ein kommentar. Bruker eigentleg bloggen litt som "brev" til slekta, slik at folk får oppdatering på ka vi driver med:D hehe

mandag 1. mars 2010

jammen long time

sidan sist eg skreiv!!

Livet går sin gang her. Komt i orden, men vart som eg frykta: ting som ikkje vart fiksa med ein gong,står framleis. Rart med det! no orkar ein liksom ikkje å fortsette... hehe. Har nokre bilder til som skal hengast opp, nokon lamper som sku i taket på soveromma(men vi skjønar oss ikkje på tilkoblinga...), gardinholdarar som sku blitt skrudd fast i veggen, osv osv....
Men men. vi har jo tenkt å bu her ei stund til,so får vel alltids gjort det får vi tru. No er det so lett å sette seg ned og tenke at vi tek det ein annan dag.. :X

Ute skin sola, og det er ein nyyyydelig vinterdag. I går var det og kjempefint, og vi grilla pølser på verandaen. Deilig! Sander ville hive snø på eingongsgrillen, men klarte å avverge det i tide:D Og maten ville han eigentleg ha kald. Vakje so viktig å legge den oppå den rista. :)
haha, må fortelle om ein episode her med Sander. I helga hadde han fått nokre slike bilar(snop). Han gjekk rundt på golvet her og gomla. So fant Jørgen fram nokre drops til seg sjøl. Sander såg ditta og sprang bort til han og sa fint "hei,pappa..." hehehehe, vakje tvil om ka han var ute etter nei! Men fattar ikkje kor han har lært seg sånn smisking??? Ekje han for liten til å skjønne det? Trur eg undervurderer min sønn til tider.

Sander er i ein fase der han skal hjelpe til. Prøvde å vaske golvet her ein dag, og han skulle vere med. Han fekk ein klut som han skulle vri opp i bøtta slik at han kunne vaske bordet. Han var i bøtta,sprang bort til bordet og gnukka i 10 sekund, og så var det tilbake til bøtta igjen. Var den som var mest spennande, må vite! Han stod der, med armane langt nedi bøtta, klisj på kleda.Når han skjønte at eg såg ka han dreiv med, så var han snar med å vri kluten og seie "sånn", og returnere til bordet. :D Han er med på mykje,ditta knøttet. I går gjekk vi oss ein tur i hestespora utanfor. Er ein liten sti bortover i skogen rett utanfor huset. Hestane brukar å gå der (E ein gård her oppe der folk kan ta ridetimar. Kjekt for oss at dei går utanfor so sander får sjå!)
Og i går sat han på skuldrane våre innover dit. Va kjekt for oss voksne og, for vi hakje sett innover der før. (Trur det er ein fin tur for deg,pappa, til sommaren.... !) Godt å ha friluftslivet rett utanfor døra.

Sander har og fått vore med Jørgen på ski. dei går utpå tunet her. Jørgen med Sander på armen, og eg med hjertet i halsen! Men Sander syns det er stor stas. Og vil meir, og meir ,o g meir, til Jørgen ikkje orkar meir. hehe.

Inne skal han aboslutt vere med å fyre i ovnen. Han hjelper meg å rive opp aviser og finner vedkubbar. Idag skulle han absolutt vere med å holde stearinlyset inni der( vi var tomme for aviser..:/ ) , men der gjekk altså grensa. Han er ganske tøff, men heldigvis,enn so lenge, so har han respekt når vi seie at det er aua. Han er med på å skrelle poteter til middagen, smøre på skjeva si og rydde. + myyyykje anna. Plutselig kan han få for seg at vi skal rydde, og ropar "yddetiiiii" og då er det ryddetid,enten eg vil eller ikkje. Spring rundt her og plukkar leikane sine. Han er og blitt kjempeflink å bruke dei store klossane sine. no bygger han høge tårn og når det er tomt for klossar,snur han seg mot oss med armane ut og seie "mei". Så vil han ha meir klossar. hehe.

Nei, no får eg gå og gjere meg klar til jobb. Byrjar klokka 16., men må levere nokre filmar på essoen fyst.

tudeluuuu

tirsdag 5. januar 2010

stress!

Har ikkje skrive so mykje i det siste. Har gått i eitt sidan vi tok over huset. Skal no vere inne til fredagen,og eg ser ikkje for meg koss det skal gå..... Har att maling på veggane til Sander, maling i taket på "åsane", m.m. HJELP!!!!! Mandag var det ei venninde som skulle passe sander, og planen var då å kunne male og male til den store gullmedalje. Men so vart han sjuk søndagen med feber, so då måtte eg og han vere heime i staden. Idag skulle han i bhg, men han er framleis litt varm so eg holdt han heime. Heldigvis er Jørgen i huset no, slik at det blir gjort noko. Eg har prøvd å pakke litt, men mtp. at vi skal bu her nokre dagar til så er det begrensa kor mykje eg kan pakke ned.

Det positive er at vi SNART kan flytte inn i vårt nye hus. heheh. I går sat eg faktisk i to timar på ellos sine nettsider. Plukka meg ut gardiner til kvart rom. ++. vart på 2300..... kremt. Håpar berre dei passar.... Er vanskelig å vite sidan vi ikkje er ferdige å male og eg ikkje har sett fargane ordentlig på nettet. Men men. Lørdag var eg og sander på slag i Fagernes og kjøpte oss sofabord og spisestue. Men frakt opp til huset kom det på 5600.. Greit nok det mtp at berre spisestua kosta meir opprinnelig:) Varmepumpa ventar vi på. har jo vore for kaldt til at dei kunne installere den.. :/ på torsdag får vi vel kvitevarene,og då må vi får rivd eine skapet på kjøkenet slik at kjøleskapet får plass.... Og vi lyt ha ein rørleggar som kan legge vatn til kjøleskapet. Trur jørgen har ordna med det. Nettet blir flytta ned til huset på torsdag. På fredag kjem møblane frå bohus. Og eg må hugse å ringe dei for å be dei ringe Jørgen,sidan det er han som må ta imot dei.

No har eg fått pakka littegrande på badet. Herregud,ser ikkje ut nokon plass her! hehe. Trur Jørgen snakka om å få med seg folk å flytte store ting imåra.. eller torsdag.. so siste natta vår her skal vi sove på ei madrass. jeeeeej. E so rart å tenke på at før veka er over so skal ALT vere i orden og ALT skal vere komt ned i huset. Prøvde å få kjøpe ein ekstradag til Sander i bhg på torsdag, men det gjekk ikkje. Det var allerede for mange ungar der den dagen. :¤ jaja, vi skal nok klare å komme oss igjennom dette :D blir so kjekt når vi er ferdige! :D