fredag 20. november 2009

tenking og knaking

No har eg LAAAANGHELG!!! hadde fri igår og har fri heilt til tirsdag ettermiddag. Hadde det ikkje vore for snø og mange timar i bil,skulle eg og SAnder kanskje tatt oss en tur til Davik. Men orka ikkje so lang biltur no. Har millionar med ting i hovudet,føler eg. Hjernecellene knakar pga overbelastning..! :O

Sit og tenker på alt vi må ha, alt som må gjerast. ja, ALT!

Lurer på å leige inn en polakk t å vaske her når vi flyttar. Ser ikkje ut her. hehe. Har funne nokon som vil ha leiligheta etter oss, men likevel blir vi her til midten av januar,sikkert. Vi får ikkje ta over huset før 13. desember... So eg tenker då har vi god tida til å ordne og styr... Men veit liksom ikkje heilt kor eg skal begynne. Idag har eg tømt bokhylla på datarommet, og lagt alle bøker i kasser... Ja.... Og ting som er mine bilder og andre private ting har eg lagt i ei kasse. Blir vel til at vi ikkje har plass til våre private ting. Klart, nokre private bilder må vi jo ha, men resten blir nok satt på loftet.

I går satt vi oss ned og underskreiv 4 kontrakter og masse andre papir. Søren ikkje heilt lettlest alle papira,altså! hehehe, vi e kanskje ikkje dei skarpaste knivane i verden heller då... :P

NEi, skulle vore t Fagernes og kjøpt ein topp til juleborda eg skal på i år, men veit ikkje om eg orkar ut på vegen idag. Er worldcup-opninga dinne helga, so er nok ein del trafikk. Får drøye det. Kanskje eg skal ta det den dagen vi skal i banken og underskrive lånepapir. blir spennande å sjå kor mykje vi kan låne utenom... Spørs om vi har råda til varmepume og alt vi ønsker oss. Spennande!! hihi. Kanskje sit vi der utan stovebord, middagsbord, ved og maling... Jaja, huset er heilt beboelig. E berre småting som kostar mykje vi vil ha gjort,liksom... :D

lørdag 14. november 2009

:D

Her sit eg då, med kaffien min. Våkna for litt over en time sidan. Fekk sove til 11 idag sidan eg jobba til 23.30 i går. E beitosprinten denne helga, so det er endel folk oppi her no:) Va litt sliten etter jobb i går ja, men og ganske gira. So eg la meg ikkje før kl o1, og det er ikkje ofte eg er våken soooo lenge no lenger!

Ute snør det og snør det. Vinteren ser ikkje ut til å ville snu med det fyrste. Men men. Eg gruar meg kvart år til snøen. Vinteren er ein veldig upraktisk årstid, med masse kle som skal på, måking av bil og glatt føre. Men e jo litt koselig og då. Eg må alltid gje etter for den følelsen kvar vinter. Gruar meg som ein helt fra sommaren, men når snøen kjem so er det ikkje so ille likevel..

Ja, då kjøpte vi hus i går. Skal vel ta over rundt 7. desember. Vi blir nok buande her til over nyttår. Har to mnd oppsigelse, men skal prøve å få nokon til å ta over denne leiligheta. Isofall slepp vi oppsigelsestida:) Jørgen skal snakke med utleigar idag.
Tenkte å utnytte nyttårssalget t neste år. Då kan vi kjøpe alt vi treng av møblar og slikt. Tida fram til då,kan vi bruke til å male soveromma og flytte ned litt ting. Mora til Jørgen er ganske gira, og har sagt at ho kan komme opp og hjelpe til med malinga:) Kanskje vi skal spør om ho vil male kjøkenet og, so kan vi vente litt med å bytte ut kjøkkeninnredninga. Vi får sjå.
E so masse å tenke på no at en blir heilt yr i hovudet!!! hehe

Og kjære vene kor mange som skriv og seie at dei vil komme på besøk! Får litt press på oss om å få til eit fint hus!! hehe. Eg har mange tankar om korleis eg vil ha det, men kjenner eg meg sjøl rett so er ikkje ting so enkle som dei er i hovudet mitt, nei! ;/

fredag 13. november 2009

no har vi

lagt inn et nytt bud. dinne gong på 1,4. Sa at enten so godtar han det, eller so gjer vi blanke i heile huset. hehe. Han får tenke på det til kl 15. Om nokon les denne bloggen, so kryss alt de har!!!!

tirsdag 10. november 2009

hmmm

no har meglaren ringt. Og selgaren syns budet var for lavt. As I said!! Vi steig til 1,3 og sa at det var begrensa kor mykje lenger vi kunne strekke oss. Ho skal snakke med selgar, og så står budet til kl 16 idag..... spennande!

mandag 9. november 2009

9. november..

I måra får vi lønn!!! jippi!!! Skal bli godt å kunne kjøpe inn vanlig dasspapir igjen. ditta first-prise dasspapiret e jo heilt forferdelig! delar seg og blir tynt + at det er heilt stivt og ekkelt. ÆSJ!!! :P

Idag har vi lagt inn bud på huset! 1,2 mill, startar vi på. So får vi sjå då.... Har satt 24 timers frist på budet. Tvilar på at selgaren vil gå so lavt, men er lov å prøve seg :) Veit at det er ein annan som er interessert i huset, men håpar ikkje nokon gidd å by.... haha.
Det er borevatn i huset. veit ikkje om eg har fortalt det før. Men det vil altså sei at det er ei eiga rensemaskin i kjellaren kun for vatnet. Og den må vi skifte filter på kvar mnd, om eg forstod det rett. Det er i grunn eit lite minus... Men men. Borevatn e vel godt vatn?! :) Forresten, ikkje legg ut på facebook at vi driv på å legg inn bud på hus. Vil ikkje skape oppmerksomhet rundt huset,seddu! hiihi

Ellers har eg sendt gutten i barnehagen og mannen på jobb. Eg har fiksa opp i litt kle-rot på loftet og sit no med data, kaffi og ei nøtteskrike utanfor glaset. Jammen fine fuglar det. Kan ikkje hugse å ha sett nøtte skrike før, men dei var ihvertfall betydelig større enn eg trudde!!

I går var det farsdag. Og Jørgen fekk sjokoladekake, snop og dusjsåpe. hehe. Var alt pengane rakk til denne gong. ÅÅÅÅ, som eg gler meg til LØNN!!!!!

mandag 2. november 2009

heime aleine idag :)

So no sit eg og høyrer på høg musikk. I ditta augeblikket er det celine dion som kvitrar so vakkert. Ute er det komt masse snø. Eller som sander seie: nøø, nøø. hehe. Måtte ringe barnehagen idag og sei at vi vart litt seine. Sander våkna klokka 8, og vi har berre tatt det heilt rolig. E so godt i en ellers so hektisk kvardag. So eg leverte han rundt 10. Og der leika dei med ball. tantene der har sagt mange gongar at dei syns Sander e so flink til å både kaste og sparke. :) Han legg ned ballen, og sparkar den, og tek gjerne fart. Ho eine tanta sa at ho i all si tid i bhg ikkje hadde sett nokon med slik stålkontroll før, i den alderen. hihi

Eg skulle iegentleg bruke dagen idag til å vaske og fikse litt her... kremt. Har tørka støv og støvsugd. Det som står att er mykje!! Men må få vatna blomstrane ihvertfall.

Jørgen ventar på tlf frå legekontoret. Han ringte dit fordi Sander har hosta i ein mnd no. Syns det er på tide at det gir seg. Alltid på morgonen våknar eg av at han hostar og hostar til han brekk seg. Han hostar ikkje mykje heile dagen, men e helst etter at han har lagt seg. So no må vi høyre om dei vil ha han ned og lytte på han, eller om vi skal gje det endå meir tid. Syns det har vart lenge nok.
Dei på legekontoret er nok litt overarbeid no i desse influensatida, so føler meg litt dum som masar, men uansett betre å få sjekka det. Jørgen spurte og om eg burde vaksinere meg sidan eg har nedsett nyrefunksjon.
Eigentleg likar eg helst å ringe sjøl. Jørgen kan vere so dårlig på å gje informasjon, og VELDIG dårlig til å gjenta det andre har sagt. Men e so jækla lang ventetid på tlf der. Gjerne opp i 20 minutt. So då får han som har mobilabbonement med gratis ringeminutt, ringe!

Ellers ventar vi på svar frå banken. Syns dei burde ringe no snart, slik at vi kanskje kan få heve inn eit bud på ditta huset. Ja, om vi FÅR lån, altså.... :/

Veit vel ikkje som mykje meir å skrive no. Får kanskje hive meg rundt og vaske dassen kanskje.... uggggh