søndag 14. juni 2009

avlappings

E so godt å kunne sitte i stillhet foran dataen eller tv-en etter en lang dag. Berre det å kunne høyre det som blir sagt på tv-en,eller sleppe små barnefingrar som so gjerne vil trykke der mamma trykker på tastaturet. E fantastisk å vere mamma, men kan vere slitsomt til tider. Idag ville Sander berre sove ein halv time,der han vanlegvis kan sove 2-3 timar. Og det var litt lite for at mammaen skulle få innhente seg litt..! Men men. e ikkje kvar dag. :)

Dagane går so fort her. E so rart at for eit år sidan so hadde vi ein pitteliten baby i hus. Og vi hadde besøk av besta og besten, som fekk sjå det lissje nurket for første gong. Hugsar stresset med "gjer vi ting riktig? Å,koffor får eg ikkje til amminga?? Har han på seg for mykje kle?? forlite kanskje??" No er vi komt litt lenger. Tenker framleis om han har på seg passe kle, men er litt meir avslappa, heldigvis:) Amminga trur eg Sander har slutta med heilt no. Greit at han sluttar av seg sjøl, men er jo litt vemodig. Sidan eg sleit so veldig, so føler eg berre vi fekk eitpar mnd der amminga gjekk supert. Har klart å holde på morgonamminga, men no e han slett ikkje interessert i den heller. Ser berre dumt på meg om eg legg han til.. :O
Skal på loftet ein dag og finne pumpa og amme-teen eg har att. Ei venninde skal ha små i august, so då har eg sagt ho skal få låne pumpa. Ho måtte gje opp amminga sist, so no håpar ho det skal gå bra. Eg for min del hadde ikkje klart meg utan den elektriske pumpa! so mykje som eg styrte med det, so fann eg fort ut at den handpumpa slett ikkje var noko bra! hehe. Hadde nok fått senebetennelse om eg hadde brukt den! ;)

Fekk forresten melding fra venner av meg og Jørgen. Dei har fått ei jente!! SOOO nydelig! Ho gjekk nesten 14 dagar over tida. stakkars!

Ellers går no dagane ganske likt her. For eitt år sidan var det tropehete. No e det 12-15 grader. Og den siste veka har det berre regna heile tida. Herlig ja!! ihvertfall når en søv på loftet. E so beroligande å høyre regnet klaske mot taket. Men hadde vore godt å fått ein fin dag snart. Dei to siste har det vore opplett og litt sol. Men eg hadde vore takknemlig om vi kunne fått strålande sol og varme!
Jørgen e begynt å jobbe igjen. Han slit litt med en nerve som ligg i klem i nakken. Skal til Gjøvik på MR(?), so då får vi ta det derfra. Han har nokre fingrar som dovnar vekk og tek kvar dag masse smartestillande pga hovudverk. So det må no bli ein fiksings! Etter det eg har forstått,so vil dei helst ikkje operere slike ting, for det er ingen garanti at en faktisk blir betre av det...

Hadde faktisk ein jobbdag på Bergo for ei veke sidan. Var krisedag på hotellet, var avreise over alt og innkomst overalt. So då fekk vi besøk av ho vi leiger av, som og e min gamle sjef, som spurte om eg ville hjelpe til. Og eg vart superhappy!!! so fantastisk deilig å kunne gå ut og hjelpe til. Få bruke kroppen og faktsik tjene peng på det!!! Var der berre 6 timar, og kjenner at det var nok.hehe. ER ikkje vant til slik hardt arbeid lenger! Fattar ikkje at eg jobba med det 100% før!! Men denne gangen fekk eg vondt i korsryggen og nedover eine foten. So enten heng det igjen litt av bekkenløysinga etter sv.skapet, eller so e det noko som skjedde med ryggen under fødselen. kjentes ihvertfall ut som eg hadde lege på eine sida ei heil natt på hardt underlag. hofta var litt most. Håpar ikkje det blir slik når eg byrjar på esso igjen!!! :/

Nei,no kjem vel snart Jørgen att fra jobb. Får hive meg rundt og få litt fiksings på kjøkken og stove. :D

mandag 1. juni 2009

for en dag! :D

heihå!

Har hatt ein fin dag idag. Veiret har ikkje vore noko å klage på, imotsetning til igår då det blåste noko veldig.

Har endelig komt i orden etter Davik-turen vår. Var eit tonn med klede som måtte gjennom vaskemaskina og masse å pakke ut. Fekk masse klossar av mamma som måtte ein tur badekaret, og det tok vi oss av idag. :) Daviketuren var flott! Godt å komme heim til fagre nordfjord! Kunne eg tatt med meg høge fjell og sjø hit so hadde eg gjort det! Hagen til pappa var som vanlig flott, med nyklipt gras og nydelige fargar i alle bed. Og vi storkosa oss alle saman. Må sei eg syns det er litt rart å vere i barndomsheimen med min eigen lissje etterkomar. Rart med tida som forandrar seg!

Vel, tilbake til idag. Må jo fortelle litt om gullet mitt idag og ;) Han e blitt so flink å stå utan å holde seg i noko. No gjer han det fleire gongar om dagen. Ja, faktisk heile tida. Her ein kveld tok han eitt steg, heilt rolig og kontrollert, utan å dette eller vingle. Han kjem nok til å gå rundt her før juni er over,trur vi.
Idag var vi bort til nokre sauer som beiter på eit jorde. Og der var det mange lam. Det eine lambet var tamt, og det kom springande mot oss når vi kom. Eg tok med meg Sander opp til gjerdet, og han fekk klappe litt på det. Ja, lambet fekk til og med smake på fingeren hans:) (mine fingrar og, for den del..!) hihi, to søte små uskyldige kroppar, som traff kvarandre gjennom eit gjerde. Rart at alle små skapningar skal vere so søte. Eg kan vel eigentleg ikkje sei at eg syns voksne saude e so fantastisk fine, liksom... Sander var ganske gira etter møtet med den lissje ull-dotten, og det var bæ bæ halve vegen heim,heilt til han sovna utmatta i vogna si. :) Blir berre so forbanna på meg sjøl at eg ikkje tok med fotoapparat!!!!

Apropos bilder, Kris,ein slektning av pappa, er fantastisk flink til å ta bilder. Ho har lagt ut nokre på facebook som eg syns var heilt nydelige. Skreiv til ho at eg syns dei var kjempefine, og at eg gjerne kunne hatt nokre av dei på veggen. Fekk svar tilbake at eg berre kunne sende adressa mi og kva bilder eg ønskte, so skulle ho sende dei:) So hyggelig!! So no e adressa sendt, med ei liste med bilder... hehe

tilbake til heimen. Når vi var i Davik so fekk Sander eit telt +++ med mamma. Dette teltet satte Jørgen opp i "loftstova" vår. Som eigentleg er gangen oppe, og som by the way ikkje er so enorm at den kan huse so innihumpen mykje. Vart ikkje akkurat betre plass av at det teltet kom opp. Ja,mamma, det lange røret er også på plass, men det andre teltet som hørte med klarte eg å få Jørgen til å forstå at det ikkje vart plass til. JOda, vi syns det var kjempefint, men Sander har fått for seg at det er dit han skal gå når han må på do....! Vi brukar jo å la han få krabbe rundt naken etter kveldsbadet. Og det har igrunn gått ganske bra. Litt uhell her og der,men ikkje nokre systematiske plassar,liksom. Men so kom teltet opp, og då byrja svineriet. Han går inn dit når han må tisse.kvar gong! Krabbar inn, set seg ned. Så ser han ned på utstyret og berre ventar.... og så kjem det. idag måtte eg ta ut teppet eg hadde lagt inn, for å vaske det. Og ein bamse som dessverre låg under rompa i det syndefloden starta. MEN, det er ikkje berre vatn han so gjerne vil sleppe frå seg der inne. Her ein kveld såg eg at han krabba inn. So hørte eg at det vart forunderlig stille, so eg ser inn til han. Då sit han der, lettare raud i trynet, og PRESSAR... Eg river tak i ungen og tenker å sette han på do. Kom halvvegs inn på badet då den første ruka løsna, før eg fekk satt han på skåla og han slapp fra seg den neste. Skjønar ikkje koffor han føler at det er do for han der inne??? Trur eg må henge opp eit sånt hjerte dei har på utedoar. Ha eit slikt på teltdøra. Og kanskje sette ei potte der inne?! VELKOMMEN INN!