Har ikkje skrive so mykje i det siste. Har gått i eitt sidan vi tok over huset. Skal no vere inne til fredagen,og eg ser ikkje for meg koss det skal gå..... Har att maling på veggane til Sander, maling i taket på "åsane", m.m. HJELP!!!!! Mandag var det ei venninde som skulle passe sander, og planen var då å kunne male og male til den store gullmedalje. Men so vart han sjuk søndagen med feber, so då måtte eg og han vere heime i staden. Idag skulle han i bhg, men han er framleis litt varm so eg holdt han heime. Heldigvis er Jørgen i huset no, slik at det blir gjort noko. Eg har prøvd å pakke litt, men mtp. at vi skal bu her nokre dagar til så er det begrensa kor mykje eg kan pakke ned.
Det positive er at vi SNART kan flytte inn i vårt nye hus. heheh. I går sat eg faktisk i to timar på ellos sine nettsider. Plukka meg ut gardiner til kvart rom. ++. vart på 2300..... kremt. Håpar berre dei passar.... Er vanskelig å vite sidan vi ikkje er ferdige å male og eg ikkje har sett fargane ordentlig på nettet. Men men. Lørdag var eg og sander på slag i Fagernes og kjøpte oss sofabord og spisestue. Men frakt opp til huset kom det på 5600.. Greit nok det mtp at berre spisestua kosta meir opprinnelig:) Varmepumpa ventar vi på. har jo vore for kaldt til at dei kunne installere den.. :/ på torsdag får vi vel kvitevarene,og då må vi får rivd eine skapet på kjøkenet slik at kjøleskapet får plass.... Og vi lyt ha ein rørleggar som kan legge vatn til kjøleskapet. Trur jørgen har ordna med det. Nettet blir flytta ned til huset på torsdag. På fredag kjem møblane frå bohus. Og eg må hugse å ringe dei for å be dei ringe Jørgen,sidan det er han som må ta imot dei.
No har eg fått pakka littegrande på badet. Herregud,ser ikkje ut nokon plass her! hehe. Trur Jørgen snakka om å få med seg folk å flytte store ting imåra.. eller torsdag.. so siste natta vår her skal vi sove på ei madrass. jeeeeej. E so rart å tenke på at før veka er over so skal ALT vere i orden og ALT skal vere komt ned i huset. Prøvde å få kjøpe ein ekstradag til Sander i bhg på torsdag, men det gjekk ikkje. Det var allerede for mange ungar der den dagen. :¤ jaja, vi skal nok klare å komme oss igjennom dette :D blir so kjekt når vi er ferdige! :D
tirsdag 5. januar 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)