Sit og ser ut. Tynne snøflak som dalar. Gradene har nådd minus 10, og det er litt meir enn det har vore dei siste dagane. Var ute og gjekk tur med Sander og Jørgen for etpar dagar sidan, og det var sviiinkaldt. Har vore fint veir med sol og blå himmel, men vi brukar å gå ut i dei tider sola går ned, og då blir det fort kjølig!
Idag tenkte eg å få gjort litt i heimen. Blir so mykje støv so fort, eg fattar ikkje kor det kjem frå! Og golvet som til stadighet blir fullt av rusk. fysj! Når ein då har ein gut som puttar alt i munnen,so seier det seg sjøl at støvsugaren e framme titt og ofte.
Hadde besøk av ei venninde og hennes sønn. Torjus er 20 dagar eldre enn Sander, so det er kjekt å la dei treffast og leike. Nå er Torjus begynt å krabbe, og ville heile tida opp og klatre. Flink han er! Sander er litt meir rolig, men dreg seg fram og vil gjerne klatre litt han og. Merka han vart litt sjalu i går når eg sat og leika med Torjus. Då vart det sutring og åling bort til oss og ville opp. Morsomt at han er komt til det punktet,liksom. Utvikling e kjekt!
Dei e jo no ganske so mobile begge to, og det var krabbing over kvarandre og greier. hehe. Dei var veldig interesserte i tv-bordet, for der er glasdører som dei kunne spegle seg i. Torjus prøvde å klatre oppå Sander slik at han kunne få tak i kanten på bordet. Ser for meg dei to når dei blir eldre. Samarbeid for å gjere ugagn. :) Eine legge seg ned og den andre klatrar oppå og opnar dører og slikt. hehe. Trur eg har sett det på americans funniest homevideos...
Karianne,mor til Torjus, er i lykkelige omstendigheter igjen. Kjempekoselig. kjenner eg på ein måte er litt misunnelig,men på ein annan måte ikkje. Vil vente ei stund til.
Har ei venninde til som ventar små. dei to har vel termin med ein mnd mellomrom. Men ikkje før til hausten igjen. Babyboom her no!! :) Skal forresten ut og ete med dei ein kveld. Kjekt å kome seg ut og vere litt anna enn berre mamma. Tenkte å invitere ho eine ned ein kveld slik at ho kan sjå om det er noko babyutstyr ho vil låne. Ho er førstegangs, så kan vere litt peng å spare på låning. Karianne ville ihvertfall låne pumpa. hehe, om og gjere å vere først til mølla her. :)
Sander har noko utslett på overkroppen. Har hatt det ganske lenge, og varierar kor mykje og kor sterkt det er. Nokon dagar er det mykje og veldig hissig, mens andre dagar er det lysare og mindre i omfang. Bestilte meg ei salve på nettet, med berre naturlige ingrediensar. So får vi sjå om det virkar. Driv og testar med mat også. E jo ein mulighet for at han reagerar på noko han et.
I går fekk han forresten smake litt pepsi max. Va ikkje so mykje kolsyre, men nok.hehe. Vart litt grimasar og skjelvingar(!), men trur det falt i smak. Syns det er so kjekt at han e blitt so stor at han kan prøvesmake ting!
He he , ja det vert nok to gode guta ditta, ser di på auå deira allereide!
SvarSlett