tirsdag 10. februar 2009

fin dag:)

Idag har eg og Sander kosa oss. Karianne og Torjus klarte å overtale oss til å bli med på babysvømming. Vi gjekk eindel på det før,men no e det so mykje pes med på-og avkledning,tining av bil og masse utstyr som skal med. Men idag fann eg ut at det fekk gå:) Merkar at sander kjedar seg av å berre vere her heime og sjå samme leikane kvar dag.
Vi var berre 5 mødre idag, og ingen instruktør. Men vi hadde det kjempekjekt. kosa oss masse i det varme vatnet. Etterpå gjekk vi og karianne og Torjus på kafe og sat der eitpar timar. Sander var kjempetrøtt og sovna i bilen på veg dit.hehe. Sov ei stund i vogna. Heilt perfekt,slik at eg fekk ete opp spaghettien eg hadde bestilt:)

No er sander i seng og eg har kosa meg med snickerskake som eg fekk med Jørgen på morsdagen.:)

Kjenner eg e kjempehigen på hus no!! Er so drittlei av å dele hus med andre,bråkande mennesker!!! I kveld har babycallen slått inn MANGE gongar av gutten på 3-4 år som har rom under Sander. Han legg seg seriøst ikkje før rundt 22-23. Og driv då og bråkar og herjar der nede. Men kan jo ikkje klage då,han må jo få leike. Men GRRRRRR!! kjenner eg blir jævla hissig! Hadde det andre soverommet vore mindre,so skulle han fått det. Men det e jo enormt,so det går ikkje. Får berre holde ut. Klagde på den andre naboen her. Han hadde vorspiel, og av og til skrudde han opp volumet på max når det var e bra sang. Enda med at eg ikkje fekk sove. Jørgen var på jobb,so han slapp bråket. Ska endel til før eg klagar,men då søkte eg opp nr hans og sendte meld om at han fekk roe seg. La og til at Sander hadde våkna tre gongar den siste timen. Nja,det va jo ikkje sant. Va jo EG som ikkje fekk sove, men greit å ha ein liten ein å skulde på:()


Må fortelle litt om utviklinga til sander. dei siste dagane no har han plutselig blitt so mykje meir mobil. Prøvar å klatre opp og vil opp og stå heile tida. Hin dagen so reiste han seg opp fra mageleie og opp til ståande oppetter ein stol, heilt aleine. Då måtte mammaen felle ei tåre. Var sååå stolt av lissje nurket mitt:) :) Om kvelden etter kveldsstellet so får han ligge på teppe oppe i gangen naken for å få lufta kroppen litt. Og for nokre dagar sidan so prøvde han å krabbe litt, og no krabbar han kjempebra!! :) lettast når han e naken og slepp bleia som hindrar bevegelsane. Han klarar t.o.m å sette seg i sittande fra krabbestilling. Jippi! :) jepp,eg e såååå stolt! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar