Idag har eg fått vaska litt i huset. Anette kjem kanskje på fredag og skal vere her i helga, og då e det greit å ha et ok reint hus. :D Utnytta dei to timane Sander sov. No kjem han forresten klatrande oppover foten min her. Dunkar hovudet i stovebordet. E litt trangt mellom sofa og stovebord pga at vi har steimplate på bordet.. Det gjere til at eg knapt klarar å flytte på det. Når vi flytta inn måtte ein kompis hjelpe Jørgen å flytte det so vi fekk på plass teppe..hehhe. Det e sikkert 50 kg:) Minst!!!
sander har dei siste dagane vore litt sur når det har lidd litt ut på dag, og har fått sånne skikkelige sinteperiodar. (slik at heile kroppen spenner seg og han blir raud i ansiktet og han bit hardt saman.z<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<<< ja,det siste der var det lillegutt som var bortpå og skreiv. han har og sikla eindel. Og idag til lunsj so såg eg tann nr to stikke sovidt opp. So der er nok grunnen:) må hugse å skrive det inn i boka hans. So får vi håpe at han kan sove gjennom natta igjen når dette e ferdig. Har vore litt tull dei siste nettene.
I dag so stod han forresten i senga. Eg sat på golvet og såg på, og han klarte det uten ein hjelpande finger frå mor:) So no må senga ned på lavaste nivå. :P
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar