onsdag 28. januar 2009

Sander var på 8.mnd kontroll

I går var vi altså på 8.mnd kontroll med Sander. Og han var kjempesnill:) Oppførste seg eksemplarisk. Både eg og Jørgen vart veldig stolte når han åla seg bortover golvet. Var ingen andre ungar i barselgruppa som klarte det. Er jo berre to andre ungar då, men likevel. Dei berre låg der eller evt åla seg litt bakover. hehe. Eg hugsar to mnd tilbake. Då var dei to andre komt ganske langt. Dei rulla rundt og var aktive. Og Sander snudde seg fra rygg til mage for første gong når vi var der. Han hadde ikkje heilt teken på det. Og no har alt skjedd på ein gong. hehe. So var vel ikkje so rart at vi var stolte vel??? ;) Han er blitt 70 cm, 21 cm har han vokst sidan han vart fødd. Og vekta viste ca 8,3 kg. Ikkje so tjukk altså, men heilt perfekt. :D

Etter besøket på helsesenteret, satte vi snuten mot Fagernes. Vi fekk nokre kroner med Svigermor som vi skulle kjøpe oss lamper for. Og slik vi gjorde! fann ein fin serie på bohus, og tenker som så at vi kanskje kan ønske oss noko fra den serien til jul:) Alltid kjekt å få ting ein ønskar seg. Vi kjøpte ein lampett og ei vanleg lampe. I dag skal vi henge opp og plassere.

Tidlegare på dagen hadde Jørgen ringt IF og fortalt om skaden på bilen. vi får heldigvis dekka alt. Og då tek vi ALT som er fram i fronten. Berre bulken kunne komme på 10-15 000... Skulle få eit prisoverslag ein av dei nærmaste dagane. Men vi skal jo berre betale egenandelen då. HELDIGVIS!!! Svindyrt med bil,altså. Er ikkje lenge til årsavgiftene skal betalast og...sukk...

I går fekk vi kjøpt oss 24 sekkar med ved. Var vanskelig å få tak i. Men helsigvis har ein bekjente som har bekjente..hehe. Trur dei fleste oppå her er tomme. vi klarte å slå kloa i dei siste sekkane til han vi kjøpte hos. Og tru meg, det går mykje ved når målestokken synker ned mot -20!

Dagen idag skal brukast til husopprydning!! Jørgen har sovemorgon idag, sidan eg hadde det igår. Men no er han visst våken. Eg sov til 11.30 i går..hehe. Godt å ha en mann som stiller opp! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar