klokka er 05.05 og eg har sove maks ein halvtime til saman i natt :( sliten ,men ikkje so trøtt. Har gitt opp å sove no, so eg får heller sitte våken til Sander våknar.
På loftet ligg ein stk dritings mann og ein stk dritings kompis av mann. Verkar som det gjekk litt for hardt for seg på kompistreff... So eg tenkte at når Sander har sove middagskvilen sin,so skal Jørgen få ta over slik at EG kan få sove. E lett å sove når en en full. E verre med den lettare forbanna dama som ikkje har nokon rus å sove på! :( Jada, skal vel ikkje klage. Han har klart å vere veldig flink når han har vore ute. ikkje ute so ofte lenger, og klarar å begrense inntaket. Men ikveld gjekk det tydeligvis litt skeis. At ikkje Sander våkna av spetakkelet dei lagde,er for meg utrulig!
Men men. Det positive med å ikkje få sove er at då har eg tid til å oppdatere litt om livet i Beito.
Sommaren nærmar seg endelig her også. Gjekk meg ein tur i gårkveld. Gjekk litt opp i bakkane her. Faktisk ein veg eg aldri har gått før. Og kom forbi eit hus med nydelig utsikt over øyangen. Og store marker med gylle. hehe. Rart at eg ikkje har lagt merke til alle buplassane mellom vegane her.
Jørgen har for tida pappapermisjon, og vi nyter dagane han e heime. Grind har han laga på verandaen, so no kan vi sleppe ut Sander uten å vere redd for at han skal stikke av. :D Jørgen har ein fjernstyrt bil som han brukar å køyre med der ute, og Sander blir heilt vill. Brukar ikkje vere noko problem å få på han hue og utekleda då nei! hehe. brom brom seie han då. :)
Ellers e han begynt å bli ein liten hermegås. no har han lært mmm, ja, altså den tonen en brukar når ein skal seie ja uten å opne munnen. Og det seie han masse. Fleire ord: BÆ (blir ofte brukt mot ALLE dyr! hehe) AUA ( det er kaffi, og andre ting som kan vere vondt, som ovnen) NAM (Dette er naturlegvis noko han seie når det e noko godt. Han fekk smake litt kaffi med meg en dag slik at han kanskje sku bli mindre interessert i det eg har i koppen, men etter smaken kom eit "NAM!!" ) PUS ( dette har han sagt sidan han var 6 mnd :D ) HÆ ( et ord han e begynt med no i det siste. Går mykje av det gitt!) DÆ (det betyr der. Gjerne med peiking. Har sagt det en mnd tid. ) BROM BROM ( jepp, betyr bil) UH (skal bety huff. Det lærte han av oldemora i Sandefjord) Og sjølsagt mamama og pappa. Seier vel eigentleg pappa til oss begge.
No når jørgen har permisjon, so reiste vi til Sandefjord og besøkte slekta til Jørgen. Og så var vi i en konfirmasjon. Borgerlig. Var berre på middagen etterpå. Men for ei kjekk slekt!! Sander oppførte seg eksemplarisk!! :D Var stolte foreldre som gjekk derfra ja! Men fekk kommentar av mora til Jørgen dagen etter at ho syns vi gjekk altfor tidleg. "dåkke må kunne slakke litt på rutinene av og til. treng ikkje å legge Sander til nøyaktig samme tid kvar natt" ! Nei, svara eg, sant det, men det er andre natta til Sander i eit nytt hus, og vi vil gjerne sove i natt. Dessuten varar småbarnsperioden ikkje so lenge. ha, då sa ho ikkje so mykje. Eg gidd søren ikkje risikere at han skal vere våken lenge, og kanskje ha ei urolig natt for at vi skulle vere der lenger og ete kake! Dessuten når ein søv i eit hus med mange andre folk,so vil ein ikkje vekke dei, fordi sander våknar. Nei huff.
Hehe, må berre legge til ein historie. Mormora til Jørgen blir 90 år i år. Og ho e ganske open og seie alt ho meinar. Vi sat og prat over eit glas vin, eg, Jørgen og ho. So kom vi inn på homofili. Noko ho ser på som heilt naturlig. Men, so kom denne fantastiske linja fra ho:"eg forstår guttane, for de har jo rompa. men jentene, hva er det de gjør?Får de noe utav å bare kline,liksom?" hehehehe, eg låg langflat i sofaen av latter. Visste ikkje ka vi sku sei. Jørgen sa etterpå at han aldri har sett meg so paff før. Vel, det var ein festlig kveld ja! :D
Ellers gjekk dagane i Sandefjord med til å plukke brunsneglar i hagen,gå i byn og masse kos. Har gått opp 3 kg.... kremt. Vi var til Strømstad med båten og handla litt taxfree. Men faktisk ikkje so mykje snop. alt snop eg kjøpte var ei stor sjokoladeplate. :D e stolt av meg sjøl :)
I måra går vel med til å sove på skift. Torsdag skal vi besøke Karianne og Torjus, og seinare må vi vel pakke. So reiser vi til O'nydelige nordfjord på fredag. Skal bli godt å komme heim til sjølukt og høge fjell. Og ikkje minst hagen til pappa! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar