heihå!
Har hatt ein fin dag idag. Veiret har ikkje vore noko å klage på, imotsetning til igår då det blåste noko veldig.
Har endelig komt i orden etter Davik-turen vår. Var eit tonn med klede som måtte gjennom vaskemaskina og masse å pakke ut. Fekk masse klossar av mamma som måtte ein tur badekaret, og det tok vi oss av idag. :) Daviketuren var flott! Godt å komme heim til fagre nordfjord! Kunne eg tatt med meg høge fjell og sjø hit so hadde eg gjort det! Hagen til pappa var som vanlig flott, med nyklipt gras og nydelige fargar i alle bed. Og vi storkosa oss alle saman. Må sei eg syns det er litt rart å vere i barndomsheimen med min eigen lissje etterkomar. Rart med tida som forandrar seg!
Vel, tilbake til idag. Må jo fortelle litt om gullet mitt idag og ;) Han e blitt so flink å stå utan å holde seg i noko. No gjer han det fleire gongar om dagen. Ja, faktisk heile tida. Her ein kveld tok han eitt steg, heilt rolig og kontrollert, utan å dette eller vingle. Han kjem nok til å gå rundt her før juni er over,trur vi.
Idag var vi bort til nokre sauer som beiter på eit jorde. Og der var det mange lam. Det eine lambet var tamt, og det kom springande mot oss når vi kom. Eg tok med meg Sander opp til gjerdet, og han fekk klappe litt på det. Ja, lambet fekk til og med smake på fingeren hans:) (mine fingrar og, for den del..!) hihi, to søte små uskyldige kroppar, som traff kvarandre gjennom eit gjerde. Rart at alle små skapningar skal vere so søte. Eg kan vel eigentleg ikkje sei at eg syns voksne saude e so fantastisk fine, liksom... Sander var ganske gira etter møtet med den lissje ull-dotten, og det var bæ bæ halve vegen heim,heilt til han sovna utmatta i vogna si. :) Blir berre so forbanna på meg sjøl at eg ikkje tok med fotoapparat!!!!
Apropos bilder, Kris,ein slektning av pappa, er fantastisk flink til å ta bilder. Ho har lagt ut nokre på facebook som eg syns var heilt nydelige. Skreiv til ho at eg syns dei var kjempefine, og at eg gjerne kunne hatt nokre av dei på veggen. Fekk svar tilbake at eg berre kunne sende adressa mi og kva bilder eg ønskte, so skulle ho sende dei:) So hyggelig!! So no e adressa sendt, med ei liste med bilder... hehe
tilbake til heimen. Når vi var i Davik so fekk Sander eit telt +++ med mamma. Dette teltet satte Jørgen opp i "loftstova" vår. Som eigentleg er gangen oppe, og som by the way ikkje er so enorm at den kan huse so innihumpen mykje. Vart ikkje akkurat betre plass av at det teltet kom opp. Ja,mamma, det lange røret er også på plass, men det andre teltet som hørte med klarte eg å få Jørgen til å forstå at det ikkje vart plass til. JOda, vi syns det var kjempefint, men Sander har fått for seg at det er dit han skal gå når han må på do....! Vi brukar jo å la han få krabbe rundt naken etter kveldsbadet. Og det har igrunn gått ganske bra. Litt uhell her og der,men ikkje nokre systematiske plassar,liksom. Men so kom teltet opp, og då byrja svineriet. Han går inn dit når han må tisse.kvar gong! Krabbar inn, set seg ned. Så ser han ned på utstyret og berre ventar.... og så kjem det. idag måtte eg ta ut teppet eg hadde lagt inn, for å vaske det. Og ein bamse som dessverre låg under rompa i det syndefloden starta. MEN, det er ikkje berre vatn han so gjerne vil sleppe frå seg der inne. Her ein kveld såg eg at han krabba inn. So hørte eg at det vart forunderlig stille, so eg ser inn til han. Då sit han der, lettare raud i trynet, og PRESSAR... Eg river tak i ungen og tenker å sette han på do. Kom halvvegs inn på badet då den første ruka løsna, før eg fekk satt han på skåla og han slapp fra seg den neste. Skjønar ikkje koffor han føler at det er do for han der inne??? Trur eg må henge opp eit sånt hjerte dei har på utedoar. Ha eit slikt på teltdøra. Og kanskje sette ei potte der inne?! VELKOMMEN INN!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
flott plass å begynne pottetrening,kanskje det er det han hinter om?
SvarSlettutrolig morsomt...(sorry janne)kos og klem til alle 3
hehe.. knakande du! :p han ve vel ha litt meir privat når han skal gjere fra seg.. ;)
SvarSlettå du, ta bilde med mobilen neste gong du glemmer kamera.. eller kjøp deg en til og ha den i vonga heile tida ;) smart! :p