tirsdag 5. mai 2009

eit nytt innlegg :)

Etter mykje mas fra pappa får eg prøve å få skrive nokre ord :) Har hatt nok å gjere med sander den siste tida. Han e blitt so aktiv! E rundt overalt heile tida, og viser ikkje særlig initiativ til å leike sjøl. No har Jørgen pappapermisjon, og han tek seg mykje av Sander. Eg nyt dagane med avlasting, og får sove so mykje eg vil! kan jo ikkje klage då!!! :D

Våkna opp idag til sludd på bakken. No har det klarna opp med sol,men e likevel sur vind. trukje eg orkar ut av huset idag. Må berre på posten og få posta kortet til Mikael som hadde bursdag for ei stund sidan :) Ellers har eg planar om å legge opp buksa eg skal ha på meg i konfirmasjonar og 17 mai. Kjøpte meg faktisk ein dress, kvit jakke,svart bukse og blåstripete skjorter. Måtte ha finkle, og prøvde å styre unna kjole. e jaggu vanskelig! Men får bli dress då. Er ikkje akkurat noko eg brukar å vise meg i til vanleg, men... hehe.

ellers går dagane med til å drømme om hus. Har bestilt masse katalogar, men er vanskelig! Veit korleis eg vil ha det trur eg. dessverre e prisane sopass høge at det ikkje kjem til å komme noko bygg på tomta dette året. No e renta lav, og det er jo en stor mulighet for oss, men kan ikkje ta opp eit so stort lån før inntekta e betre. Må jobbe meg oppatt. :)

Ellers veit eg ikkje so mykje. Jørgen e på butikken no, og sander e visst våken i senga si. Men har fått skrive nokre ord. Får heller skrive litt meir ein annan gong:) Har ihvertfall oppdatert litt no,pappa! :D

1 kommentar:

  1. Ja det var kjekt å sjå... her har han snøva ned på Dalen i kveld.
    Hels begge to frå oss då !

    SvarSlett