No e Sander i seng. Høyrer han ligg og pratar med seg sjøl i senga, men får no so vere. Han sovnar vel snart reknar eg med. :)
Ute skin sola fra blå himmel, og gradestokken viser 8 plussgrader. E so deilig at det er lysare om kvelden. kjenner eg får meir energi. DEILIG!!!! Vi får kveldssola inn vinduet i stova, og det freshar liksom opp litt.
No nærmar påska seg med stormskritt. Eg og Jørgen kjøpte oss eit stort påskeegg. Og "heldige" som vi var, skulle sjefen til Jørgen til Sverige, og kom tilbake med 3 kg(!) smågodt til å fylle opp med. hehe. Skal nok bli ei god og rund påske. Kom til å tenke på om det ikkje e noko faste eller noko slikt i denne tida??? jaja, vi fastar ihvertfall ikkje her. :D
Sander var på 10 mnd kontroll denne veka. Han er blitt 72,5 cm og 8,4 kg. Ikkje sånn megastor gutt,men passelig:) I går hadde vi Torjus og Karianne på besøk. Ser stor forskjell på dei to guttane ja. Torjus e 78 cm og langt over 9 kg.
No er det ikkje kontroll igjen før i begynnelsen av juni. Då er det 12 mnd kontroll med vaksine og legekontroll. Herregud kor tida flyr!!!!
No e vi begnyt å kutte ned dagsøvnen hans. eller dvs at han treng ikkje so mykje lenger. Ca tre timar til sammen. Første luren søv han alt fra 1 til 3 timar. Utifra det ser vi om han treng søvn seinare. Nettene går betre no. Legg han ein gong mellom halv 8 og 8 om kvelden. e kje so lett etter at vi stilte klokka en time fram... litt kluss blir det. Men i natt våkna han ein gong for å få vatn, og so sov han til halv 8 :D Natt til i går sov han heile natta, men våkna 05.30... Det e litt tidleg... :O men men. Alt går betre no ihvertfall. Den 4 tanna har endelig brote heilt ut, so no e han roligare.
Han vil ikkje ha so mykje mm lenger, so blir til at han blir lagt i senga våken. Før fekk han pupp og sovna underveis. Veldig lettvint! Men når han no ikkje lenger e so interessert, so får vi berre ta det. Går greit å legge han våken og. Kan ligge og tulle litt, men brukar ikkje bli so mykje styr.
Klipte meg i går eg. Tok vel en 10-15 cm. So no når det meg til skuldrane og e veldig oppklipt. pannelugg har eg og fått. Fekk so lyst å klippe meg, so sa Jørgen at eg sku få 500 kr dersom eg klipte av hestehalen. Og eg treg peng, so slo til. hehe. Skulle jo klippe meg likevel. Har hatt samme frisyre dei ti siste åra, so blir litt lei.
Enda opp med at eg bestilte meg kle på nettet, og Jørgen betalar. hehe. Ka gjer en ikkje for peng;) men ser jo at det ser litt crazy ut... Krøllane kjem betre fram, og ser ganske bustete ut. Må nok ha litt stæsj i til dagen for å roe toppen. Lurer på å kjøpe meg en hårfarge og. greit å prøve å vere LITT fresh når det no e to konfirmasjonar som ventar i mai. :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det vart stillhet i bloggen din Janne.... e ofte in og sjekkar, men her er det ingen nye innlegg.....
SvarSlett