Ja, då kom eg meg på blogging eg og. Hadde faktisk aldri trudd det, men so såg eg pappa hadde fått det til, og då kunne søren meg ikkje eg vere verre! :)
Tenkte vel eigentleg å fortelle litt om dagane våre her i Beito. Eg og Sander (8 mnd.), er heime, mens papsen Jørgen jobbar. Er vel ikkje kvar dag det skjer so mykje,men vil no prøve å fortelle etterkvart.
Idag fann Sander ut at dagen var klar til start klokka 7. Har prøvd å få til rutiner på han, slik at dagane blir litt meir faste mtp. mattider og sovetider. So vekkerklokka står på 8. Som regel so våknar han eingong mellom 7 og 8. Og det er jo greitt. Helst klokka 8,men skal ikkje klage so lenge det er etter 7.hehe. Vel, tilbake til dagen idag. Sander våkna klokka 7, fekk litt mat før Jørgen stod opp med han. Godt for en trøtt mamma å få sove ein time ekstra.. :) Jørgen jobbar for tida i kafeen i skibakken, so han startar ikkje før i 9 tida.
Når eg då stod opp, hadde han fyrt i ovnen og laga kaffi. Og Sander hadde fått ny bleie og graut. En ideell måte å starte dagen!! :)
Har hatt ein time på dataen no, mens Sander har sove litt. No sit han på golvet her og leikar. Han er blitt så stor! Rart kor 8 mnd har flydd avgårde! Den siste mnd har det skjedd so mykje i utviklinga hans. Han begynte å dra seg fram på golvet når vi var heime på Davik i jula. Og etter det er han over alt på null niks! Artig. Eg syns han var litt treig sidan han ikkje rulla so mykje fra rygg til mage og omvendt, men so plutselig skjedde alt på ein gong. No legg han seg ned fra sittande stilling og dreg seg dit han vil. Ser jo at det ikkje er lenge til han byrjar å krabbe. Han står på alle fire og vuggar fram og tilbake. Han treng berre å forstå korleis han skal bevege armar og bein mens han står slik. Katten vår,Lotus, er ein god motivasjon for velse gutten. Han er såå glad i den katten. Han har kunna ordet pus, og kem som er pus, sidan han var 6 mnd. Og no strålar han og blir kjempeivrig når katten går forbi. Og han dreg seg etter katten. Og no går det FORT! hehe. Eg må sei eg er svært imponert over katten, kor tolmodig ho e. Ho går gjerne bort til Sander og stryk seg opp etter han. Lar han dra ho i pelsen og halen. Klart vi må følge med og passe på, men ho er veldig snill. Ho har blitt ein heilt annan katt altså. Eg var veldig skeptisk på korleis ho kom til å reagere på den vesle kroppen, men tok ikkje lange tida før ho aksepterte han.
For to dagar sidan oppdaga eg at Sander er begynt å få ei tann, nede i munnen. Kan tru det var ei stolt mamme som ringte pappaen og fortalte den store nyheten. :D Har ikkje merka noko spesielt på han. Eller jo, han har sleva nåke voldsomt. Men ellers ingenting. Kanskje eg klarar å legge inn bilder her etterkvart. :)
Over til litt andre ting.
Vi har litt bilproblem for tida. Vectraen er hos ein som kan mekke bil. Den har lekt bensin ei stund, så bensintanken (trur eg det var...) måtte byttast. Då er det greit å ha dei rette kontaktene, kjøpe brukte delar og få reparasjonen gjort for ein billig peng. Då er det verre med primeraen vår... Servoen er gåen, so ein må ha musklar for å snu på rattet!! Fekk beskjed på verkstedet at det kom til å bli dyrt for oss. Og idag fekk vi summen... 19.500kr for delar og arbeid!! Heilt sjukt!!!
hehe, no ligg Sander og leikar med ballen og helde den opp i gardina. Han veit at han ikkje har lov til å leike med gardina,men ka kan mamma sei då. Han leikar jo ikkje med gardina no då, han leikar jo med ballen.. Han veit korleis han skal snu meg rundt fingeren alt! go'ingen min!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gratulerer med bloggen Janne!
SvarSlettNo kan vi følge med kva dåkke styrer med ;)
Helsing pappa/Besten.
grattis vennen,suss og klem
SvarSlettså kul blogg j!! hilsen anette
SvarSlett