Idag har vi storkosa oss ute. Sander fekk besøk av Linnea og dei leika ute på plenen, mens eg og Annette sat på verandaen og prata. Kjempekoselig! Der er ingen snø att på plenen no, og faktisk er der byrja komme opp litt blomstrar! :) nokre stutte små lille og gule. veit ikkje ka dei heiter eg... hehe. Sander vart sliten etter besøket og ligg no og søv.
Eg sat og åt knekkebrød med majones og fenalår ( fantastisk godt btw!!! ) og plutselig so kom der en fugl inn gjennom verandadøra. Og rett inn i stovevinduet. stakkars. Den herja på bak gardina her, og då såg jo katten sitt snitt til eit gratismåltid og hoppa etter. Men vil vel ikkje ha blod og gørr på gardinene mine(!) så katten heiv eg vekk. Vakje so enkel å få tak i dinna fuglen, men klarte det til slutt og fekk satt han ut på verandaen. Prøvar å legge ved eit bilde så dåkke får sjå. ekje det en svale ska tru?? Kjempefin va den ihvertfall. glinsande blå!
17. mai var ein fin dag! På veg opp til toget, trafff vi noko eg trur var orrhøne, eller rype eller noko, hehe. Det var ihvertfall ein stor fin fugl. Sånn som dåkke har på hylla heime, pappa! sånn fugl var det. Den gjekk litt ved sida av bilen før den flaug sin veg. Så kom vi opp, litt for tidleg faktisk. Var kun ein bil der frå før, so Jørgen lurte på om vi va der en time for tidleg... Hehe, skal ikkje mykje til for å så tvil i mitt haud, veit de, så eg vart litt i tvil. Men neida, det kom fleire:D Og på plassen oppe ved helsesportsenteret stod korpset. sander var flink og gjekk store deler av vegen sjøl. Men vart trøtt, so vi stoppa og satt han i vogna. toget snudde litt lenger oppe, so vi stod og venta til det var tilbake . so reiste vi heim etterpå. Jørgen sku på jobb. Sander fekk sove, og han sov LENGE!! tok på å blåse i fløyta trur eg! hehe. Måtte vekke han 14.30, for vi sku vere på SAS en time seinare og ete middag. Var 4 familiar som åt ilag. Jørgen jobba då,men var no bortom bordet vårt nokre gonger. sander var kjempeflink. fekk ros av alle for at han åt so mykje grønsaker. hehe. Han var kjempesnill heile feiringa!!
etter middagen gjekk vi ned til Annette so sander fekk leike meir med Linnea. dei leikar såååå fint ilag!!! Ja, Torjus var og med. søtnosen!!! :D Dei leika kjempefint alle tre! sander gjekk rundt med ein leikestøvsuger, torjus lagde "mat" og Linnea mekka litt :P
so kledde dei seg ut. Var så fine atte! prøve å legge ved eit bilde av sander.
Vrimlar av fuglar her! I går hørte eg gjøken for første gong. en dag eg sku frå jobb holdt eg på å køyre på to duer, av alle ting, oppi vegen her. Og en annan dag flaug her ei ugle. Og ja, en kveld såg eg to digre fuglar som fauk over huset. dei var so store at det vart store skuggar på trea dei fauk over. Tankane mine gjekk til fuglane som fantes før i tida. dinosaurusfuglane....hehe
nei, må hive meg i dusjen. huset e bomba ,men det drit eg i. for eg skal på jobb kl 15! hehe.
sneiks
Å det var bra du berga låvesvala for katten - akkurat slik som med spettmeisa då vi var der! :0).
SvarSlettDet var nok sikkert enten ei orrhøne eller ei røy (tiurdame) du såg ja.
Så kjekt Sander hadde det på 17. mai. Skikkelig tøffing med utkledning og greier.
Du får ta bilder av blomstrane etterkvart så skal eg fortelje deg kva det er du har der. ;)