onsdag 10. mars 2010

sol og pepperkaker

Ute skun sola og her sit eg med pepperkaker i munnen. Pepperkaker er akkurat like gode i mars som dei er i jula. Kanskje endå betre,for det er jo eigentleg litt "ulovlig"... hehe

Eg jobbar berre to dagar denne uka(!) og har derfor tida til litt heimesysler. (som å ete pepperkaker og drikke kaffi med dataen i fanget...) Idag får besøk av ein nabo som ville komme innom og sjå koss vi har fått det. So då MÅ eg jo faktisk dra rompa opp av sofaen. Har fått gjort litt allerede. Og dørene står opne til luftings. Gler meg så vanvittig til sommaren at eg har ikkje ord! Skal bli so deilig å berre kunne opne huset frå topp til tå, kunne gå ut uten ein tråd (nesten..), og kunne kose seg i sola. Blir heilt fantastisk, og spesielt i år , sidan vi har gått gjennom ein forferdelig kald og lang vinter. :D Håpar berre vi får litt meir enn 3 veker sol dette året. i fjor var det ca kun 3 veker med fint veir HEILE SOMMAREN!!!!! Det er litt for lite når vi har gått gjennom 7 MND med snø!

Trur det skal bli kjekt for Sander å kunne vere masse ute i sommar og. Kanskje eg kan får han til å prøve potta litt meir i sommar.. Han sprang her uten bleie en kveld. Plutselig kom han springande til meg og sa at han måtte få bleie på. so då fekk han det, og DÅ tissa han. Dette har han gjort før og! Han kan våkne med tørr bleie på morgonen og held seg gjerne til han står i dusjen med oss. Om vi ikkje dusjar so ventar han til han får på seg ny bleie før han tissar. Har prøvd å sette han på potta, men han vil ikkje det. :( Men han har jo kontroll då. Han greier jo å holde seg til han får på seg bleie. Og når han har tissa i bleia,so seie han " ny beie", og då må vi skifte. :)

Sander blir jo to år i slutten av mai. Eg lagar ei lita liste over ting han ønsker seg. (det er lov å
spleise med nokon altså! :D )

* akebrett eller kjelke. Helst med ratt. Babyakebrettet er blitt for lite og EG FÅR IKKJE PLASS!!!!!!!! :P

(* tripp trapp-stol ( denne håpar eg vi kan få arve frå Geilo. Men visst ikkje so er det mulig at han får det av oss. ) )

* klede i str 92-98

* sacco-sekk

* ute-leikar

(* trehjulssykkel (Om han får arve stol frå Geilo,so får han kanskje sykkel av oss) )

Ja, det var vel det vi hadde tenkt på. Om det er noko de har lyst å kjøpe,so please sei frå,slik at ikkje Jørgen si side kjøper det samme.

Lurer også på å kjøpe ski til han. slike som ein slepp skisko i. trur eg hadde slike når eg var liten, som en berre festar vanlige sko i liksom. Men blir nok ikkje før til neste vinter han får det,evt. Eg vil at han skal få ei litt meir positiv haldning til ski enn eg har, spesielt med tanke på at vi bur oppi her! :)

Jappjapp. Om det er nokon i denne store verden som les bloggen min, so kan de gjerne skrive ein kommentar. Bruker eigentleg bloggen litt som "brev" til slekta, slik at folk får oppdatering på ka vi driver med:D hehe

1 kommentar:

  1. Ja det er vel slik at det "ulovlege" er mest spennande. No får vi snart ta oss ein tur og helse på tenkjer eg. Vi får avtale høveleg tid etterkvart.

    SvarSlett