mandag 2. november 2009

heime aleine idag :)

So no sit eg og høyrer på høg musikk. I ditta augeblikket er det celine dion som kvitrar so vakkert. Ute er det komt masse snø. Eller som sander seie: nøø, nøø. hehe. Måtte ringe barnehagen idag og sei at vi vart litt seine. Sander våkna klokka 8, og vi har berre tatt det heilt rolig. E so godt i en ellers so hektisk kvardag. So eg leverte han rundt 10. Og der leika dei med ball. tantene der har sagt mange gongar at dei syns Sander e so flink til å både kaste og sparke. :) Han legg ned ballen, og sparkar den, og tek gjerne fart. Ho eine tanta sa at ho i all si tid i bhg ikkje hadde sett nokon med slik stålkontroll før, i den alderen. hihi

Eg skulle iegentleg bruke dagen idag til å vaske og fikse litt her... kremt. Har tørka støv og støvsugd. Det som står att er mykje!! Men må få vatna blomstrane ihvertfall.

Jørgen ventar på tlf frå legekontoret. Han ringte dit fordi Sander har hosta i ein mnd no. Syns det er på tide at det gir seg. Alltid på morgonen våknar eg av at han hostar og hostar til han brekk seg. Han hostar ikkje mykje heile dagen, men e helst etter at han har lagt seg. So no må vi høyre om dei vil ha han ned og lytte på han, eller om vi skal gje det endå meir tid. Syns det har vart lenge nok.
Dei på legekontoret er nok litt overarbeid no i desse influensatida, so føler meg litt dum som masar, men uansett betre å få sjekka det. Jørgen spurte og om eg burde vaksinere meg sidan eg har nedsett nyrefunksjon.
Eigentleg likar eg helst å ringe sjøl. Jørgen kan vere so dårlig på å gje informasjon, og VELDIG dårlig til å gjenta det andre har sagt. Men e so jækla lang ventetid på tlf der. Gjerne opp i 20 minutt. So då får han som har mobilabbonement med gratis ringeminutt, ringe!

Ellers ventar vi på svar frå banken. Syns dei burde ringe no snart, slik at vi kanskje kan få heve inn eit bud på ditta huset. Ja, om vi FÅR lån, altså.... :/

Veit vel ikkje som mykje meir å skrive no. Får kanskje hive meg rundt og vaske dassen kanskje.... uggggh

1 kommentar:

  1. Ja, glømte eg å sei at det er blitt NOVEMBER alt????! herregud som tida flyyyyyr! snart jul,folkens!!

    SvarSlett