lørdag 14. november 2009

:D

Her sit eg då, med kaffien min. Våkna for litt over en time sidan. Fekk sove til 11 idag sidan eg jobba til 23.30 i går. E beitosprinten denne helga, so det er endel folk oppi her no:) Va litt sliten etter jobb i går ja, men og ganske gira. So eg la meg ikkje før kl o1, og det er ikkje ofte eg er våken soooo lenge no lenger!

Ute snør det og snør det. Vinteren ser ikkje ut til å ville snu med det fyrste. Men men. Eg gruar meg kvart år til snøen. Vinteren er ein veldig upraktisk årstid, med masse kle som skal på, måking av bil og glatt føre. Men e jo litt koselig og då. Eg må alltid gje etter for den følelsen kvar vinter. Gruar meg som ein helt fra sommaren, men når snøen kjem so er det ikkje so ille likevel..

Ja, då kjøpte vi hus i går. Skal vel ta over rundt 7. desember. Vi blir nok buande her til over nyttår. Har to mnd oppsigelse, men skal prøve å få nokon til å ta over denne leiligheta. Isofall slepp vi oppsigelsestida:) Jørgen skal snakke med utleigar idag.
Tenkte å utnytte nyttårssalget t neste år. Då kan vi kjøpe alt vi treng av møblar og slikt. Tida fram til då,kan vi bruke til å male soveromma og flytte ned litt ting. Mora til Jørgen er ganske gira, og har sagt at ho kan komme opp og hjelpe til med malinga:) Kanskje vi skal spør om ho vil male kjøkenet og, so kan vi vente litt med å bytte ut kjøkkeninnredninga. Vi får sjå.
E so masse å tenke på no at en blir heilt yr i hovudet!!! hehe

Og kjære vene kor mange som skriv og seie at dei vil komme på besøk! Får litt press på oss om å få til eit fint hus!! hehe. Eg har mange tankar om korleis eg vil ha det, men kjenner eg meg sjøl rett so er ikkje ting so enkle som dei er i hovudet mitt, nei! ;/

1 kommentar:

  1. vinteren er ein fine årstid, slepp å klippe gresset, sleppe fluger, mygg, knott og andre ekle innsekter! so blir d kosligare å vere inne me kakao og fyr i peisen (for dei som har det då..) ;)

    gleda meg til vi skal kjøpe vårt eiget.. blir sikkert ein tur eller 5 innom ikea :p

    seff er det mangen som skal komme innom og sjå kordan dåkke har fått det når den tid kjem, folk er jo so nyskjerrige! berre huske på at dåkke kan skylde på sander viss det ikkje er so reint og ryddig når folk kjem ;)

    eg og har dei store planane på kordan det skal sjå ut, men eg veit at slik kjem det ikkje til å sjå ut, siden vi er to som skal bestemme.. huff, ikkje enkelt ditta nei! :p

    lykke til i alle fall ;)

    SvarSlett