hmmm...no kjennes det ut som om det er noko ulumskhetar i puppen som e i oppblomstring. Begynt å bli øm. Uff, e heilt komt ut av tellinga på kor mange gongar eg har hatt brystbetennelse no. :( 7 eller 8 gongar trur eg. Tenkte eg sku få Sander til å tømme den litt når han våknar. Håpe at det hjelper. Vi e begynt med nattavenning no, og det kan gjere at en e lettare disponert for brystbetennelse,sidan ein ikkje får tømt puppen so ofte og det kan hope seg opp med melk. Tette melkegangar kan utvikle seg. Jaja, må vel rekne med at so lenge der e produksjon i slufsene so er det alltid ein mulighet for at eg får skit i dei.
I natt sov Sander veldig bra. Vi var i Fagernes i heile går, og han sov kun i bilen på veg ned og oppatt. So kanskje tilsammen ein time søvn på han i heile går.. Va ein ekstrem trøtt og sur gutt vi hadde her i går kveld! Måtte gje han mat og legge han mykje tidlegare enn vanlig. Han sovna vel i sju-tida og våkna i halvfire tida,trur eg. Jørgen ga han littegrann vatn,før gutten sovna igjen. Etter det sov han til 6.30, og då stod vi opp. Dei andre dagane har han våkna rundt 5 om natta, ja det e NATT då! Og då har han vore våken gjerne en time til halvanna. skrik og hyyyyl! Då e det godt at en har ein mann som tek seg av lissjen,mens mammaen berre kan pjåte øyreproppene laaaangt inn i øyregangen og sove vidare. :D
Vi har som regel at vi står opp kl 8. seinast. Men han får ikkje stå opp klokka 5, det er altfor tidleg. Vil ikkje gjere det til ein vane!
Eg og Jørgen har hatt eindel diskusjonar i det siste. Eg vil gjerne flytte tilbake til vestlandet, men han vil finne seg ein anna jobb her først,slik at han slepp å måtte jobbe som servitør. Han har ingen ferdig utdanning, og då kan det vere greit å kunne ha føta innom forskjellige ting. Og her oppe e det lettare for han å prøve seg i andre yrker då han er kjent opp i her.
So då kom vi fram til en ok plan. Vi bur her nokre år,kjøper hus her. Også ser vi seinare om vi flytter til vestlandet. Nei, eg kjem ikkje til å gje meg på den. tenkte at om han får viljen sin no,då må vel eg får min seinare.. hehe.
Ihvertfall, vi tenkte å kjøpe oss ny bil. Ein litt nyare og større. Vurderar nissan x-trail.. Har sett ein fin ein her: http://www.finn.no/finn/car/object?finnkode=16406085&sid=xz5eadnTNIl096392&pos=null&tot=null
Då kan vi bytte inn den vi har og få ein nyare med lang nedbetaling. dessuten har den 4hjulstrekk,noko som ikkje e eit minus når vi skal bu i dette snølandet som e her..
nei,ni våkna knøttet igjen,so får stikke. Men dette var altså dagens ord frå beitomusa:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar