Ser ut, og det berre lavar ned. Rekk snart opp til vinduet!! Usj!!
Men idag treng eg å skrive av meg litt frustrasjon. Sander har jo hatt nattavvenning, og no søve han stort sett gjennom heile natta.. Må av og til inn og roe han,men det har skjedd maks 2 gongar dei 3 siste nettene :D superhappy!
Vel, vi har då hatt han inne på kontoret vårt for å skåne naboen som har soverom under oss/Sander. Natt til idag tenkte vi at det var på tide å legge han tilbake på sitt rom slik at ikkje det sku bli tull igjen om det gjekk for lang tid. Og det gjekk veldig fint.
Men sjølsagt so bestemte naboen under oss at han sku ha fest. Skjønte tegninga då det ringte på døra her og utanfor var det ein gjeng karar med masse øl, som lurte på kahen naboen bur. Jaja, tenkte at det sikkert ikkje vart so ille. Men når vi skulle legge oss ca 22(hehe,ja, blitt gamle seddu!), So skjønte vi at det å sove ikkje va mulig. vi har soverommet rett over stova hans, og der må det ha vore 20 personar og musikken va på FULL GUFFE!! Jørgen la seg på kontoret,som e i andre enden av huset,men han fekk heller ikkje sove. Han hadde babycallen,og sa at den slo inn fleire gongar pga støy nede. Sander ligg på naborommet til vårt soverom,men eg overdriver ikkje når eg seie at musikken va so høg at eg ikkje hadde hørt dersom han hadde skreke.... E jo en regel som seie at det skal vere stille mellom 23 og 07, so eg tenkte at eg fekk vente til klokka vart 23 før eg gjorde noko. Heldigvis sov Sander gjennom heile greia, men om han hadde våkna so ekje det so lett å fortelle han at det e natt og at han må sove, når han høyrer en masse bråk!
Klokka vart 23, og det var INGEN bedring,heller motsatt. Eg sendte melding til ei venninde av som va der, ho e då sammen med naboen. Sa at ho veit at det e innihelvete lytt her, og at dei gjerne kan skru ned litt,for ingen av oss for sove. Ho veit at det e lytt, og at vi har soverom rett over stove hans. Ja, ho skjønte det,skreiv ho,men dei skulle snart ut. Ok, so bra tenkte eg. Men må ikkje tru at musikken vart skrudd ned av den grunn!! So vart klokka nærmare midnatt, og då kjente eg at eg va begynt å få nok av bråk!! GRRR!!
Gjekk ned til dei, og musikken slo mot meg når eg opna gangdøra. Går inn og der sit der 6 stk igjen i stova. Og dei berre ser på meg. e ikkje vits i å sei noko,for dei høyre ikkje ka eg seie likevel. Så eg signalisera at dei skal skru ned, noko han gjer,men det va ikkje mykje. So seie eg at no e det på tide å roe ned, for vi vil sove litt vi og. Virka søren ikkje som om han brydde seg. Va so sint at eg skalv!! Forklarte han at Sander søve rett over, og han veit kor lytt det e. Joda, dei sku skru ned. Må få med at en av sjefane mine sat der og. Han e bror til han som bur der. Og han va dritings og vart eigentleg litt sur for at eg klaga.
Jaja, hjalp ikkje spes mykje at eg va ned og sa fra. Litt vart det jo nedskrudd, men va framleis ikkje mulig å sove. Klokka 00.30 gjekk dei heldigvis ut.
Må sei at eg blir forbanna! Han har unge sjøl, men denne veka er det mora som har han. Men eg tenke at en kan ha respekt når en veit koss det er å ha små! Jada, han skal få høyre det! Om ikkje anna so kunne han sagt fra på førehand! Er ikkje ofte han har fest då,det skal han ha.
Men, vi har jo ein liten tass som våknar 06.30. ingen problem for oss å sette på boomblasteren på soverommet for so å gå ned og ete frukost... Bråk skal han få om han vil ha det,men kjenner og at det beste e å oppføre seg som voksne,for då stiller en sterkare seinare.
Det som irriterar meg mest e at vi prøvar å ta hensyn t dei nede. Vi byttar jo for svarten rom til Sander under avvenninga for å skåne dei. Og om morgonane set eg ikkje på kle før klokka e tidlegast 9. Og vi leikar ikkje so mykje på gangen oppe på morgonane no som vi gjorde før.fordi han sa han hørte oss so godt.
"Ver mot andre slik du vil andre skal vere mot deg!" Ja, i den ideelle verden hadde det vore slik, men det er dessverre litt naivt å tru at det e so enkelt!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar