søndag 9. oktober 2011

lenge sidan!

Du og du no er det lenge sidan eg har skreve noko her! Over eit år, gitt! Får skrible ned litt no då :)

Sander og Jørgen har bytta dekk på outlanderen og er på ein liten test-tur. Ute snøvar det enno. Har lagt seg sopass at vi berre ser øverste delen av stråa i hagen. Faktisk så er det litt koselig med det første snøfallet. Blir berre litt fort lei når det fortset. hehe. merkelig ditta! ;)

Emil ligg og søv. Har vore litt sutrete idag. Vil helst sitte på fanget. Skjønar at det er kjedelig å berre ligge på golvet heile tida. Men no trur eg vi lyt sette i barnesikring i stikkontaktene, for no er han rundtomkring. Greier ikkje dra seg framover enno, men merkelig nok ligg han ikkje der vi la han fra oss etter ei stund.

kjøkenet er såvidt begynt å ta form. Har fått opp dei to skapa som skal over vasken. Så er det å få på plass alle skapa som skal vere på golvet. Håpar det vert bra! Var til fagernes her hin dagen, og fann ei liftgardin med ein engel på som kjem til å passe perfekt, trur eg! :D klør i fingrane etter å få henge den opp, men det er vel ein av dei tinga vi får fikse til slutt. Sku lagt inn bilde, men er så mange bilde på kameraet at eg må få tømt litt på dataen for å få plass til alle. ;)

No kom mannen heime, så får slutte. Men det var ei lita oppdatering herfra. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar