I går va vi og såg på huset. Og det fall i smak. Badet ,stova og kjøkenet var mindre enn det såg ut på bildene, men likevel. Gangen var PITTELITEN!!! Berre et lite rom,liksom. Nede var det kjellerstove og trappegang. Og 3 uferdige rom... Der tenkte vi eit soverom,bad og kanskje eit oppbevaringsrom. Huset er stort og det er mange muligheter. Vi får sjå om vi legg inn bud. Og om vi evt får det så må vi sjå kor mykje vi må gje for det, og deretter ka vi har råda til. Eigaren sa at det var ein 5-6 som var interesserte i huset. Kan vere eit salgstriks. Koffor har det då ikkje komt inn bud?? jaja. Eg håpar vi kan få det ihvertfall:) kanskje budet vi startar med blir 1,3....
Antydning til fukt i eit hjørne, stod det i annonsa. Og det såg vi jo i går. Men det kan komme av at takrenna kom ned der,så alt vatnet rann ut ved det hjørnet. Dette er jo ikkje det verste. Er jo ingen plankar der, kun lecablokker. Så skal vel ikkje vere vanskelig å få til. Men kan nok koste litt ja. :/
Vi treng so mykje om vi får oss hus!!! Har skrive ei liste over ka vi MÅ ha:
*spisebord + 6 stolar
*kjøkkenbord + stolar
*stovebord
*varmeovnar
*kvitevarer!!!! Her eig vi kun ein micro...
*maling til soveromma, for der var veggane JÆVLIGE!!
Dersom vi kjøper huset,er dette herved tips til innflyttingsgave!!! hehehehe
E supergira på det eg no altså! Skummelt, for då er fallet desto større om vi ikkje får det. :(
Snakka med banken idag, og ho rådgjevaren vår meinte at det ikkje kom til å bli problem for oss å kjøpe huset for taksten (1,6) , men ho skulle ta opp saken med andre og komme tilbake til oss. Eg trudde dei var forsiktige med å låne ut pengar, mtp at både eg og Jørgen er i nye jobbar, og har framleis nokre mnd i prøveperiode der. Men det va visst ikkje so vanskelig, ettersom eg forstod det.
Bud blir ihvertfall ikkje lagt inn før etter vi har fått lønn. Eg syns det er greit å ha ein viss tanke om kor mykje eg får i mnd der. Skal jo eigentleg berre jobbe 70 %, men jobbar vel nærmare 90-100% . So blir nok litt peng :D
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kjempespennande, lukke til !!
SvarSlett