lørdag 12. september 2009

frihelg!!!

Har frihelg frå esso. Godt. Men e jo mange tusen ting som må gjerast sjøl om en har fri. Har jobba fire dagar forrige veke, og no er eg endeleg begynt å komme inn i ting igjen. sjøl om eg merka det bra i kroppen dei første dagane! :D

Idag har Jørgen hatt frukosten på hotellet,so når klokka va ti, og serveringa stengte for normale folk(!), so reiste eg og Sander opp. Der åt vi lunsj (frukost for min del..) og kosa oss med vafler til dessert. So va vi på kiwi og handla, og etterpå reiste vi på loppemarked som var her oppe idag. der traff vi ei som er på barselgruppa til Sander og mamman hennes, og Karianne med bebisen. Sander og Linnea holdt hender og såg kvarandre djupt inni auga. hehe. Karianne tok bilder med mobilen, so må be om å få kopi:D Vel, kjøpte berre eit par strikka vottar med fleece i. Greit å ha i vogna når Sander søv i bhg. Blir jo kaldare og kaldare for kvar dag. 20 kroner for eit par som var flunkande nye :D I LIKE!

no har eg lagt knøttet. Han var begynt å bli trøtt når vi var der oppe, men kvikna litt til når vi kom heim. Han har lege og babla i senga en halvtimestid no, men trur det e begynt å stilne litt.

Klokka 15 skal eg på kiwi. fekk spm om å hjelpe til der litt idag. Berre snakk om ca 4 timar. Steike brød og rydde litt. Kan bli interessant korleis det går. E vel best å verkeleg stå på, slik at dei ikkje trekk tilbodet om jobb.. hehehe. sjefen på mega er innom esso kvar dag. Og her en dag eg stod og laga burger til han,so spurte han om eg var interessert i å jobbe lørdagane hos han. Eg lo og spurte om det var begynt å bli vanskelig med folk no, og lørdagane var visst ikkje so heilt lett. Dei har kun ansatt folk i 60% stilling der,etter det eg har skjønt. Men eg sa nei, og at eg hadde fått jobbtilbud på kiwi. :D Men hadde eg fortsatt på esso, so kunne det vel vere at eg hadde sagt ja. E gode peng. (Men det sa eg jo ikkje t han då!) :)

Jørgen har fått jobbtilbud på sas-hotellet. Restaurantsjefen hadde hørt so masse bra om han, og ville derfor ha han. Men Jørgen sa at då skulle han ha 350 000 i året, og fastlønn. Og mest dagjobbing. Restaurantsjefen hadde då sagt at han kunne få 340 000 i prøvetida, og så stige etterkvart etterpå. So gjenstår det berre at han får krava gjennom. Han ville jo tydeligvis ha Jørgen,men det er opp til ledelsen på hotellet. E ganske trange rom økonomisk no. alt skal sparast på.

Veit ikkje om meir eg no....

1 kommentar:

  1. Kjekt med litt forandringar for dåkke alle tre! :) Klem

    SvarSlett